STEVNE: Desse damene ser fram til fyrste svømmestevne i Årdal på 21 år.
STEVNE: Desse damene ser fram til fyrste svømmestevne i Årdal på 21 år. (Foto: Synne Asheim Haga )

Fyrste utandørsstemne i Årdal på 21 år: – Folk heilt frå Moss har sagt dei vil koma

For fyrste gong på over tjue år skal det arrangerast svømmestevne i utebassenget i Øvre Årdal, og deltakarane kjem langvegs frå.

Årdal: – Folk heilt frå Moss har sagt dei vil koma i tillegg til Sunnmøre, Hordaland, og heile Sogn og Fjordane, seier Ingeborg Hjelle, leiar i IL Jotun Symjegruppe og leiar for konkurransen.

For ho er det viktig at det no skal arrangerast utandørsstemne i kommunen etter mange år utan.

POSITIV: Ingeborg Hjelle gler seg til det skal konkurrerast i utebassenget att. Foto:  Synne Asheim Haga

– I svømmekrinsen så støttar me kvarandre og reiser rundt på kvarandre sine stemne for å delta. Det er mange som vil perse sine eigne tider heile tida så me trur det vil koma ein del folk. 

Eitt av Noregs to utandørsbasseng på 50 meter

Hjelle håpar folk vil bruka konkurransen som ein kvalifiseringsarena. 

– Utandørsbassenget her er jo veldig spesielt for det er femti meter langt og det er berre to så lange basseng i heile landet, så dette kan jo kanskje bidra til at me får påmeldingar frå andre klubbar òg. 

I 1997 blei det arrangert NM i Årdal. Etter denne konkurransen er det lov å håpa på reprise. 

– Det har vore store stemner her før det gjekk litt nedover, men no er det på veg opp att og har ein fin vekst, seier Hjelle.

Imponerte stort i 50 meter bryst 

– Tomine vann nyleg 50 meter bryst på god tid og knuste motstandarane sine. Mange var med så det var godt gjort av ho, seier Ruth Laberg, trenar for rekruttane. 

– Det var veldig kjekt å vinna. Eg persa ikkje mi eiga tid men det er alltid veldig moro å vinna over andre, svarar Tomine Jevnaker.

Også ho ser no fram til å konkurrera på heimebane.

– Eg gler meg masse og så er det kjekt å ha stemne der eg bur. Spesielt no når det er så fint vêr og me kan slappa av ute når me ikkje svømmer, seier Tomine Jevnaker.

Ho har klare mål med svømminga og stemne som kjem. 

– Eg har alltid eit mål om å vera betre enn eg var sist gong, det viktigaste for meg er å slå meg sjølv. 

– Velkomen til Sogn

No oppfordrar dei alle svømmeglade til å koma til Årdal. 

LANGT: Bassenger i Øvre er ein av to basseng i landet som er 50 meter breitt. Foto:  Synne Asheim Haga

– Folk fødd i 2009 og heilt opp til seniorklasse kan koma. Me er veldig nøgde om det kjem 100 stykk men me kan jo risikere at det kjem fleire òg. Me skal i alle fall legge opp til at me har kapasitet til å ta i mot alle. 

– Svømming er ein stor idrett i landet vårt. Sjølv om det ikkje er så mange akkurat her i området ser me på påmeldinga at det er mange som driv med det og det likar me. Det er eit kjekt og godt miljø i svømminga. No er alle som vil, aktive eller ei, hjarteleg velkomen til Sogn, seier Hjelle. 

Til toppen