OPPMARSJ: Leiar i Lærdal idrettslag, Hallvard Thomassen, håpar det blir mange å sjå i klassiske idrettsdrakter under oppmarsjen laget arrangerer når Lærdalsmarknaden opnar komande fredag. Arkivfoto
OPPMARSJ: Leiar i Lærdal idrettslag, Hallvard Thomassen, håpar det blir mange å sjå i klassiske idrettsdrakter under oppmarsjen laget arrangerer når Lærdalsmarknaden opnar komande fredag. Arkivfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Håpar at mange tek på seg gamle idrettsdrakter under oppmarsjen

Under Lærdalsmarknaden skal Lærdal idrettslag ha oppmarsj i samband med at laget fyller 80 år. Leiaren håpar mange stiller i gamle idrettsdrakter.

Lærdal: I år er det 80 år sidan den organiserte idrettsaktiviteten starta opp i Lærdal. Det starta med at Lærdal Fotballklubb vart skipa 20.mai 1937. Dette er forløparen for Lærdal Idrettslag.

I samband med at laget fyller 80 år i 2017 blir det oppmarsj fredag 16. juni, under Lærdalsmarknaden. 

Les også: Har kontroll nokre dagar før Lærdalsmarknaden opnar

– Alle er hjarteleg velkomne til å delta, og me har veldig lyst til at dei som har gamle drakter, klubbdressar og liknande stiller i desse, seier leiar i laget Hallvard Thomassen.

Oppmarsjen startar ved ungdomshuset på Lærdalsøyri, oppmøte fredag 16.juni klokka 17.15. 

Etterlyser bilete til Haustmarknaden

Sjølv om det starta med fotball i organisert form, vart det skipa til skiaktivitetar i Sluppen på 30-talet. Vidare veit ein at det var turngrupper i aktivitet. 

– I 1946 vart namnet til laget endra frå Fotballklubb til Idrettslag – Lærdal Idrettslag (LIL). Nye idrettar som kom til gjorde dette nødvendig. Dei nye idrettane var handball og ski. På 50-talet kom friidrett og skeiser med. I dag er LIL eit fleiridrettslag med mange ulike grupper og aktivitetar, seier Thomassen.

80-års jubileumet skal feirast med eit større arrangement under Haustmarknaden i september. Til dette arrangementet etterlyser Thomassen gamle og nyare bilete:

– Spesielt bilete frå tidsrommet 1987 til i dag. Ta kontakt med leiar i arbeidsgruppa om de har biletemateriell som de trur kan ha interesse for oss Eller kontakt Jarle Offerdal eller Magnar Ljøsne om de har bilete som er eldre enn dette som kan vera aktuelle, seier Thomassen. 

 

Til toppen