KREATIVT KURS: Strikking står sterkt i Norge, så sterkt at tekstildesignaren Michelle Lowe-Holder let seg forbausa. No kjem ho til Lærdal for å læra vekk nokre handtverktriks.
KREATIVT KURS: Strikking står sterkt i Norge, så sterkt at tekstildesignaren Michelle Lowe-Holder let seg forbausa. No kjem ho til Lærdal for å læra vekk nokre handtverktriks. (Foto: Levande lokale/montasje)

Håpar besøk av kjent tekstildesignar skal enda i eit eige lærdalsgarn

Ho har samarbeidd med Gucci, men er imponert over norske strikketradisjonar. No kjem ho den engelsk-amerikanske tekstildesignaren til Lærdal.

Lærdal: I morgon startar workshopen til tekstildesignaren Michelle Lowe-Holder. Besøket er ein del av prosjektet Levande lokale, som har som mål å få fram typiske lærdalsprodukt.

– Eg kan bringa inn eit utanfråperspektiv, tolka norsk handverk og visualisera Lærdal sine spesielle eigenskapar med det friske blikket til ein besøkjande. Mange handverkarar som har vist interesse for workshopen har mykje betre teknikkar og ferdigheiter enn eg har. Eg håpar dei vil bli med oss for å laga nokre fantastiske nye design, seier smålåtne Lowe-Holder i ei pressemelding frå prosjektet.

Garn av saue- og alpakkaull i kjømda

Designaren har spesialisert seg på tradisjonshandverk, men har samarbeidd med merkevarer som Gucci, Brioni og Nike. Workshopen hennar i startar med kick-off laurdag 27. januar i kunstfojaeen i Lærdal kulturhus. 

– Me kjem til å jobba med inspirasjon me har samla inn så langt, henta frå ulike loft i Lærdal og i arkivet på Sogn folkemuseum. Men me vil gjerne ha meir, så me ønskjer at alle tek med «typisk Lærdal»-inspirasjon til kick-off, seier Siv Støldal i Levande lokale.

Eitt potensielt produkt som allereie er i ferd med å veksa ut av prosjektet er eit lærdalsgarn av lokalt saue- og alpakkaull, fortel Støldal.

Imponert av unik strikketradisjon

Lowe-Holder har vore i Norge fleire gongar og har allereie rokke å bli inspirert av norsk strikkekultur.

– Det faktum at dykkar lokale matbutikkar har reolar med ull, nåler og mønster for strikking er utan sidestykke. Eg har aldri sett dette i noko anna land eg har vore i. Eg er ikkje sikker på at nordmenn er klar over kor mykje handverk dei har i seg, seier ho.

Til toppen