EØS-debatt:  Årdølen Aleksander Øren Heen, rådgjevar for Senterpartiet si Stortingsgruppe, meiner det er naturleg å diskutera Noreg si EØS-avtale etter Brexit. Arkivfoto.
EØS-debatt: Årdølen Aleksander Øren Heen, rådgjevar for Senterpartiet si Stortingsgruppe, meiner det er naturleg å diskutera Noreg si EØS-avtale etter Brexit. Arkivfoto.

Håpar Brexit fører til reforhandling av EØS

Aleksander Øreen Heen (SP) meiner Noreg kan få ein betre EØS-avtale i kjølvatnet av Brexit.

– Når britane skal forhandla om sin tilknyting til EU trur eg det vil vera lurt av Noreg å henga seg på. Håpet kan vera å få ein avtale med tilgang til den indre marknaden i EU utan å få så mykje direktiv tredd nedover hovudet, seier Aleksander Øren Heen.

Skjønar ikkje kva EU-ministeren er redd for

SP-politikaren frå Årdal jobbar som politisk rådgjevar i Stortingsgruppa til Senterpartiet og sit på Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Partiet hans har vore aktive i debatten om EØS-avtala i framkant av folkerøystinga i Storbritannia. I dag tidleg vart det klart at britane vil ut av EU; folkerøystinga  synte 51,8% for utmelding - populært kalla Brexit - og 48,2% for å halda landet i unionen.

– Det er eit svært modig val Storbritannia gjorde i går. Eit val det står respekt av. Her kjem folkemeininga til syne, for det var høg valdelteking. Det speglar att ei motstand over tid; motstand mot at stadig meir makt går over til Brussel frå London. Det er jo dette EU-motstandarane i Noreg har sagt heile tida.

– Og du trur altså Noreg kan nyta godt av det?

– Det er jo ikkje slik at Storbritannia vil slutta å handla med EU. Dei vil nok søkja ei tilknyting som liknar på den me har i Noreg. Og med Storbritannia "på laget" har ein meir tyngde inn mot EU.

– EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker er kjapp med å påpeika at EØS-avtalen ikkje skal rørast kvar gong ho snakkar med media om Brexit. Ho seier vel det av ein grunn?

– Då spør eg kva ho er så redd for? Kvifor skal ein ikkje debattera EØS i Noreg, som ein diskuterer andre ting? Brexit er jo nettopp ein grunn til å diskutera vår tilknytning til EU.

Til toppen