NYTT FORSØK: I fjor vart tilsvarande konkurranse avlyst grunna dårleg sikt, men i år håpar Fjellsportfestivalen å endeleg kunne sleppe topputøvarane utfor fjellsidene i Sogndalsdalen. Foto: Vegard Aasen.

Håpar dei beste skikøyrarane i verda kjem til Sogndal

Fjellsportfestivalen er dei einaste i Norge som får vere arena for eit kvalifiseringsrenn til verdscupen i frikøyring denne sesongen. 

Sogndal: Freeride World Tour er frikøyringssporten sin World Cup. Konkurransen under Fjellssportfestivalen i februar er blant dei som gir flest kvalifiseringspoeng.

KREVJANDE: Ragnhild Fagerslett, sjef for Fjellsportfestivalen, gler seg til å ta imot nokre av dei beste skikøyrarane i verda.
KREVJANDE: Ragnhild Fagerslett, sjef for Fjellsportfestivalen, gler seg til å ta imot nokre av dei beste skikøyrarane i verda.

Det betyr at vi kan vente storinnrykk av dyktige køyrarar frå heile verda til Sogndal.

– Det er eitt av dei største arrangementa vi har under heile festivalen. Det betyr mykje å få så mange dyktige skikøyrarar hit, samstundes er det svært krevjande å arrangere. Det er ein flott konkurranse som vil vise Sogndal frå si beste side, òg internasjonalt, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett.

Les også: Skirennet redda av dugnad: Her køyrer dei løyper timar før start
Les også: Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana

Vêret avgjer kvar konkurransen går

Fjellsportfestivalen blir arrangert i Sogndal frå 22. til 26. februar og har eit tettpakka program med ei blanding av kurs, sosiale turar og beinharde konkurransar.

Arrangørane har enno ikkje bestemt akkurat kva fjellside som vert arena for frikøyringskonkurransen, men dei fleste alternativa ligg i Sogndalsdalen.

– Kva vi landar på er avhengig av vêr, føre og skredforhold. Det blir ei fortløpande vurdering når det nærmar seg, noko som er ein av grunnane til at det er vanskeleg å detaljplanlegge. Vi skal òg ta omsyn til kva som fungerer best for publikum. Vi ønskjer jo at dei òg skal kunne få med seg det her, seier festivalsjefen.

SPEKTAKULÆRE RAMMER: Mykje og god snø i flott natur har gjort Sogndal til eit skieldorado. I februar inntek frikøyringseliten bygda.
SPEKTAKULÆRE RAMMER: Mykje og god snø i flott natur har gjort Sogndal til eit skieldorado. I februar inntek frikøyringseliten bygda.

Håpar å lokke dei beste

Kor avhengige dei er av vêret vart illustrert i fjor. På grunn av dårleg sikt vart konkurransen avlyst, noko som slett ikkje er uvanleg i denne sporten.

Difor er ikkje arrangørane redde for at deltakarane har lete seg skremme til å halde seg heime. Svaret får dei uansett ganske kjapt, i dag starta påmeldinga. 

– Vi håpar sjølvsagt at det skal vere attraktivt for dei store køyrarane. Det er kvalifisering til verdscupen og vi ventar at det kjem både norske og internasjonale løparar, seier Fagerslett.

Til toppen