NY REKTOR: I mai vart Gunn Beate Sjøthun tilsett som ny rektor for Lærdalsøyri skule. Måndag hadde ho sin første dag på det nye kontoret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY REKTOR: I mai vart Gunn Beate Sjøthun tilsett som ny rektor for Lærdalsøyri skule. Måndag hadde ho sin første dag på det nye kontoret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar det ikkje vert kutt i skulen​

Det seier den nye rektoren på Lærdalsøyri skule, Gunn Beate Sjøthun.

Lærdalsøyri: Berre eit år etter at Terje Horvei blei tilsett som rektor, har Lærdalsøyri skule fått ein rektor i Sjøthun, som vart tilsett i mai. Måndag hadde ho sin første dag på kontoret.

– Eg kjem frå stillinga som rådgjevar, så eg er oppteken av at folk skal få vera den dei er, at me er ulike og at me skal utdanna dei til mange ulike typar jobbar. Eg har ein hjartebank for entreprenørskap med praksis i arbeidslivet, og eg ønskjer at elevane skal vere kjend med kommunen, regionen, bedriftene her og moglegheitene som finst, seier ho.

– Det er eit vekstområde, og me ønskjer vekst. Den viktigaste ressursen me har er ungane og ungdomane våre. Eg er ikkje så oppteken av at me skal scora høgast på alle testar fordi målingssystemet er snevert, legg Sjøthun til. 

Oppmoda til å søkje

Sjøthun, som også er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, byrja som lærar ved skulen på slutten av 90-talet og har såleis lang erfaring. 

– Då eg byrja, var det spennande og kjekt, men også litt skummelt. Når ein vert kjend med ungdommane, er det kanskje den trivelegaste jobben du kan gjera fordi ein er med dei i spennande tider med mykje læring og utvikling, seier Sjøthun og fortel kvifor ho søkte på jobben.

– Eg må innrømma at det var mykje oppfordring på arbeidsplassen. Det var fleire som kom og sa at dette var ein jobb for meg, smiler ho. 

Håpar det ikkje vert kutt i skulen

Som folkevald har ho vore med på styre utviklinga i Lærdal kommune. Før sommaren skreiv Porten.no at kommunen styrer mot millionunderskot og at rådmannen råda politikarane til å vera tøffe og gjera strukturelle tiltak. Eit slik tiltak kan innebere å leggje ned ein av dei tre skulane i Lærdal. 

– Dette er veldig vanskeleg å seie noko direkte om. Eg byrjar for to dagar sidan og prøver å sjå kva ressursar me har. Eg tenkjer at me prøver å gjera det beste me kan ut frå dei ressursane me har. Det handlar ikkje alltid om pengar, men like mykje om innstilling og tankemåte, svarar ho.

– Vår viktigaste jobb er å passe på at alle får oppfølgjing og sjansen til å utvikle seg slik dei kan best. Det er ikkje slik at ressursane våre skal begrense noko. Eg har ikkje sett at me har dei utfordringane enno, men samstundes har eg ikkje det store biletet heller. Eg er positiv til at me skal få det, men viss ein skal kutta mykje i skulen, vil det koma utfordringar. Eg håpar det ikkje skjer. Me skal satsa på barn og unge, og det er nettopp her dei er. 

Til toppen