NÆRING: Fulle fryseboksar gjer at jegerar ikkje kan skyte meir hjortevilt enn dei har plass til. Eit slikt viltbehandlingsanlegg skal bidra til at jegerar kan skyta fleire dyr, lagra det her og deretter selja kjøttet.
NÆRING: Fulle fryseboksar gjer at jegerar ikkje kan skyte meir hjortevilt enn dei har plass til. Eit slikt viltbehandlingsanlegg skal bidra til at jegerar kan skyta fleire dyr, lagra det her og deretter selja kjøttet. (Bilde: Haugen Gardsmat)

Håpar dette anlegget kan skapa næring av utfordringane med hjortebestanden

Eit nytt viltbehandlingsanlegg er allereie på plass på Håbakken og eit tilsvarande skal koma i Aurland. Håpet er at dette kan motivera til at meir hjortevilt vert felt.

Lærdal: Som eit smittereduserande tiltak i samband med skrantesjuka, skal det fellast omtrent dobbelt så mykje hjort i Lærdal i 2017 og truleg også i dei komande åra. 

Men fulle frysarar gjer sitt til at jegerar ikkje kan skyte meir hjort eller elg fordi dei rett og slett ikkje har plass. Eit vilbehandlingsanlegg skal forhåpentlegvis endra på det.

– Me er avhengig av jegerane og grunneigarane og kor mykje plass dei har, og for å motivera til eit større uttak, må ein få moglegheit til å omsetja kjøtet på lovleg vis. No såg me sjansen til å setja opp eit viltmottak på Håbakken, seier Kristine Ohnstad i Haugen Gardsmat, som er ei av bedriftene som bidreg inn i prosjektgruppa. 

Ny type næring

Håpet er då at ein jeger med full frysar likevel vil skyta to–tre ekstra dyr fordi han får ein plass å lagra kjøttet og deretter selja det til nokre tusenlappar. 

– Klarar ein å sleppa inn fleire, gjerne laga eit jaktprodukt av det og generere nye inntektsmoglegheiter på garden, hadde det vore flott. Men det er eit langt lerret å bleika. Det er mange grunneigarar og naboskap som skal fungera saman, men det vert jobba sakte, men sikkert med det, seier viltforvaltar i Aurland, Lærdal og Årdal Knut Fredrik Øi. 

Det er ikkje den einaste gode grunnen til å etablera eit slik mottak, seier han. Kommunane har nemleg eigarskap til fallvilt. Det vil først og fremst seia påkøyrd hjortevilt. Fram til våren 2017 vart det eit lokale på Eri som kunne nyttast til å lagre fallvilt, men avtalen med Mattilsynet er sagt på, og kommunane står utan eit opplegg.

Difor kan det nye anlegget som allereie er på plass, brukast til å handsama fallvilt på vegne av dei kommunale viltfonda.

Ber om støtte

Aktørane i profjektgruppa har allereie spytta inn den halve millionen kroner dette kostar og søkjer no kommunane, Mattilsynet, Fylkesmannen og andre om støtte. 

– Det er kjempeviktig at me får støtte. Det er driftskostnader heile tida, anten det er éin eller 20 hjortar som heng der. Det er også viktig å påpeika at dette er eit tilbod til alle, sjølv dei som ikkje har tenkt å omsetja kjøtet, seier Ohnstad, som innrømmer at dei helst skulle hatt tiltaket på plass allereie 10. august då reinsjakta starta. 

– Det er ting me jobbar med enno, men Mattilsynet har førehandsgodkjent planane. Me er opptekne av at råvarene blir ivaretatt og at dette gir moglegheit for jegerane og grunneigarane å omsetja slakta sine.

Ohnstad avsluttar med å oppfordra jegerar om å ta i bruk anlegget. 

Til toppen