EVENTYR: Gamleskulen har tent meir pengar i samtlege månader så langt i år samanlikna med fjoråret. Brukthandelen og aktivitetssenteret får no masse ros frå politikarar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
EVENTYR: Gamleskulen har tent meir pengar i samtlege månader så langt i år samanlikna med fjoråret. Brukthandelen og aktivitetssenteret får no masse ros frå politikarar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Håpar «eventyret» får halde fram

Politikarane er fulle av ros, og det lovar godt når to år med drift av Gamleskulen skal evaluerast. 

Årdal: – Eg torer nesten ikkje å tenkje på konsekvensane av at Gamleskulen kan forsvinne, seier Steinar Drægni. 

To år har gått sidan brukthandelen og aktivitetssenteret vart starta opp. No er tida komen for å evaluere ei vidareføring av drifta, slik avtalen seier. 

Olav Nese (Ap) omtalte tiltaket som eit eventyr då formannskapet handsama saka tysdag, og det lovar godt for at nye kapittel skal skrivast. 

– Fantastisk resultat

Han fekk med seg resten av politikarane i kommunestyret på at dette er eit viktig tiltak for kommunen. Også tilrådinga frå administrasjonen er positiv. 

– Det er veldig positivt å sjå korleis Gamleskulen med sine aktivitetar legg til rette for at folk som av ulike grunnar ikkje eller i mindre grad kan arbeide, får ta del i dette. Det er eit veldig positivt tiltak for Årdal kommune, seier Hilde Horpen (Sp). 

– Ingen hadde trudd at det skulle bli ein slik suksess. Gamleskulen kan syne til fantastiske resultat, og det skuldast fleire faktorar som frivillige, gåver og god leiing. Sidan Årdal kommune har vedteke aktivitetsplikt for alle som treng sosial hjelp, må kommunen ha tilgang til meiningsfulle aktivitetar. Det har dei på Gamleskulen, seier Sandra Opheim (MDG). 

Glad for rosen

Det er gode ord som Steinar Drægni og resten av gjengen på Gamleskulen takkar for. 

– Det er kjekt å høyra. Eg meiner me har fått til noko. Ikkje berre at me betalar husleiga vår på 22.000 i månaden, men me genererer human kapital i at me får folk ut i permanent arbeid. Akkurat no er nummer tolv i intervjusituasjon og kjem heim med eit smil om munnen. Tenk kva det betyr for samfunnet og dei personleg, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORT BIDRAG: I 2015 utførte frivillige 3500 timar arbeid i Gamleskulen. NAV har hatt inntil 13 personar i arbeidsretta aktivitet samstundes, 40 totalt over to år. Ti har gått over til fast arbeid. Arkiv
STORT BIDRAG: I 2015 utførte frivillige 3500 timar arbeid i Gamleskulen. NAV har hatt inntil 13 personar i arbeidsretta aktivitet samstundes, 40 totalt over to år. Ti har gått over til fast arbeid. Arkiv

Her er tala som gjer dette til ei god historie: I 2015 utførte frivillige 3500 timar arbeid i Gamleskulen. NAV har hatt inntil 13 personar i arbeidsretta aktivitet samstundes, 40 totalt over to år. Ti har gått over til fast arbeid. Så langt i 2016 er det ein auke i salsinntektene i alle månadane på mellom 1,14 og 65,66 prosent.

– Me er stadig ute og held foredrag og blitt kjende over heile fylket og vel så det. Alle spør etter prosjektplan, men den finst ikkje. Me hadde tre ting; huset, oversikt over utgiftene og trua. Så har det balla på seg. Årets omsetnad har gått til himmels, og me trur nesten ikkje det me ser, fortel Drægni. 

Vil unngå auke i husleige

Ikkje berre det, i eit bruk og kast-samfunn, tilbyr Gamleskulen eit gjenbruk av gamle og brukte ting. Det er positivt, peikar Thomas Norheim Moen (Sp) på. 

Men som alle eventyr, er det alltid farar som luskar rundt neste sving, og i dette tilfelle er det «tida». For Gamleskulen nærmar seg 100 år gamal, og det tærer på bygningsmassen. Mellom anna bør taket og den eine veggen reparerast.

– Det er der me skjelv litt i buksene no. Eg forstår at kommunen må vurdere kva det kostar å halde huset oppreist, men det er ikkje behov for noko anna no enn å sjekke taket. No er det opp til kommunen å bestemme om dei vil auke husleige eller ikkje. 

– Eg skal ikkje føresjå noko, men her går det frå hand til munn. Me bygg ikkje opp store fond. Me har ikkje peiling på korleis morgondagen ser ut. Det er noko av bøygen. Eg håpar og trur rådmannen er ein av dei som ser verdien av dette, seier Drægni.

Artikkelen held fram under biletet.

HAND TIL MUNN: Steinar Drægni seier pengane dei får inn går rett til drifta. Difor håpar han det ikkje vert auke i husleiga. Arkiv
HAND TIL MUNN: Steinar Drægni seier pengane dei får inn går rett til drifta. Difor håpar han det ikkje vert auke i husleiga. Arkiv

– Kort linje mellom tanke og handling

Det kan det verke som han gjer. 

– På spøk har eg trua med at eg vil auke husleiga fordi dei driv så godt. Avtalen skal reforhandlast, og eg er veldig nøgd med det dei held på med. Det er ei kort linje mellom tanke og handling, og det er bra, seier Olve Fossedal. 

Han fortel han har hatt kontakt med Forvaltning-, drift- og vedlikehalds-tenesta (FDV) om taket og at det er inngått avtale med eit firma som skal sjå nærare på det.

– Er det eit problem, vil det vise tilbake når me skal lage eit investeringsbudsjett for FDV. Då kartlegg me status på taket etter ein framdriftsplan. 

Til toppen