GLER SEG: Knut Anders Sørum med band står på scena når han spelar på Camp Svalheim på opningsdagen av Nasjonalparkfestivalen. Foto: Pressefoto.
GLER SEG: Knut Anders Sørum med band står på scena når han spelar på Camp Svalheim på opningsdagen av Nasjonalparkfestivalen. Foto: Pressefoto.

– Håpar folk møter opp og bidreg til god stemning

Sjå videohelsinga frå fjorårsvinnaren av Stjernekamp, Knut Anders Sørum, til årdølene før han opnar Nasjonalparkfestivalen torsdag.

Årdal: – Sørum er ein artist med skikkeleg kvalitet og ein av dei aller beste vokalistane i landet. Han vann Stjernekamp i fjor fordi han meistra alle sjangrar – frå rap til opera. Eg plar ikkje følgja med på slike sangkonkurransar, men akkurat den i fjor fekk eg med meg – mykje på grunn av han. Så eg gler meg veldi til den, seier Torunn Todal Laberg i programkomiteen for Nasjonalparkfestivalen.

Torsdag brakar Nasjonalparkfestivalen laus, og etter guida tur til Heimre Hjelledalen og oppvarming i form av Mr. Orkester er det klart for den musikalske hovudattraksjonen denne dagen på Camp Svalheim, Knut Anders Sørum klokka 21.

– Han har med seg eit stort band og turnerer rundt i heile landet no. Så eg håpar folk møter opp og bidreg til god stemning i Utladalen denne dagen, seier Todal Laberg.

Artikkelen held fram under videoen

– Rock`n roll, gøy og laussluppe

Også turen til Heimre Hjelledalen og oppvarmings"bandet" meiner ho er verd å få med seg.

– Turen er med ein lokal guide, Brita Hunderi Hetle. Ho har masse fine historiar på lager om gardsdrifta som var i Hjelledalen, og som ikkje så mange kjenner til, trur eg. Mr. Orkester er ein multikunstnar som spelar alt av instrument sjølv med eit utruleg reportoar. Han lever av å reisa rundt slik og spela, fortel ho.

Les også: Med sjela i behald har Nasjonalparkfestivalen fått ny drakt

Fredag består av introkurs i havpadling, Kyrre Flotve og Camilla Ianke frå Northern Exposure som fortel om padleekspedisjonane sine til Grønland, hypnoseshow av Torgrim Holte og konsert med Kjell Elvis på Camp Svalheim etter oppvarming av Mr. Orkester.

– Holte har hatt sitt eige TV-program og blir brukt mykje til eventar. Det blir sagt han er heilt fantastisk underhaldande. Kjell Elvis er jo heilt i Mr. Nystedts and (Kristoffer Nystedt, drivar av Svalheim gard, journ.anm). Det skal vera rock`n roll, gøy og laussluppe. 

Laurdag skjer det mykje; tre guida turar – til Avdalsskåri, topptur til Vestre Austanbottind og Bergastøl og Avdalen

– Ein får turpass til 120 kroner. Me har flinke turleiarar som køyrer eit greitt tempo så alle får vera med. Eg tok ein testtur opp til Bergastøl, og det er veldig artig å sjå Utladalen frå denne sida. Turen går vidare til Avdalen via Gravdalen, men ein kan snu ved Bergastøl.

Under Skåri er det fleire programpostar laurdag: Føredrag ved Kyrre Flotve om plastforureining av havet, turngruppa i IL Jotun lærer ungane triks, det blir kurs i korleis koka reinskjøt i kokegrop, andletsmaling ved Mona Maskerade og tvekamp

– Etter tvekampen får dei tre beste deltakarane pass til Målrock. Så blir det intimkonsert med Dumpster Divas – to veldig artige damer busett på Voss. Dei er absolutt verd turen under Skåri.

– Stolte over programmet vårt under jubileumsmarkeringa

Stiftinga Nasjonalparkfestivalen beståande av styreleiar Rigmor Solem, nestleiar Kristoffer Nystedt, koordinator Frank Eldegard, Marit Høgheim, Ole Magnar Nundal og Erling Offerdal er nøgde med programmet under årets festival, som søndag blir avrunda med markeringa av at folkevegen til Vetti fyller 40.

På turen inn til Vetti gard arrangerer Bornas turlag quiz for borna og alle skal samlast på Vetti gard. Mellom anna blir det føredrag av Knut Lykken, oldebarnet til den Knut Lykken som var guide på turen i 1876 då William Cecil Slingsby som førstemann besteig Store Skagastølstind. Alle som deltek på folkevandringa vil få eit jubileumshefte for folkevegen.

– Eit veldig spennande føredrag, og me er svært glade for å ha fått Lykken hit. Det blir konsert med nokre av dei fremste folkemusikarane i landet og også familiekonsert. Tanken er at me ønskjer å inkludera så mange som mogleg når det gjeld folkevegen - at framtidige generasjonar har eit forhold til den er svært viktig.

Førebels er vêrmeldingane for helga litt ymse – Todal Laberg håpar ikkje det skal setja ein dempar på festivalen.

– Ein er jo alltid spent på vêret. Men me er jo nordmenn og då skal ikkje vêret vera noko ingen hindring. Eg håpar i alle fall ikkje det blir det. Det er i alle fall meld gode temperaturar, så folk skal sleppa å frysa.

Til toppen