DUGNAD: Sandra Opheim, leiar i TV-aksjonen i Årdal, håpar folk melder seg til teneste som bøsseberarar eller bidreg med pengar til TV-aksjonen neste månad. 
DUGNAD: Sandra Opheim, leiar i TV-aksjonen i Årdal, håpar folk melder seg til teneste som bøsseberarar eller bidreg med pengar til TV-aksjonen neste månad. 

Håpar frivillige vil bidra i TV-aksjonen

I Årdal er dei godt i gong med planleggjinga av årets TV-aksjon.

Årdal: Det er framleis ein god halvannan månad til TV-aksjonen går av stabelen 23. oktober, men i Årdal er dei ute i god tid.

– Me har byrja planlegge årets TV-aksjon. Dette er verdas største dugnad, og i år går pengane til Røde Kors som skal bruke midlane til å redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokre av dei mest sårbare i verda – menneske som er ramma av krig og konflikt, seier komitéleiar Sandra Opheim.

KOMITEEN: Aud Andersen, Ola Buhaug, Kurt Jevnaker, Odd Øvregard, Olav Midtun, Sandra Opheim, Arne Håkon Laberg og Terje Moe.
KOMITEEN: Aud Andersen, Ola Buhaug, Kurt Jevnaker, Odd Øvregard, Olav Midtun, Sandra Opheim, Arne Håkon Laberg og Terje Moe.

I år går midlane til Røde Kors sitt arbeid i landa Syria, Libanon, Sør-Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane skal òg gå til å hjelpe flyktningar som har kome til Noreg.

Målet er at over to millionar menneske skal få livsviktig helsehjelp, medisinar, reint vatn og mat. Då trengs det gode hjelparar, og i Årdal søkjer dei etter 80 bøsseberarar, fortel Opheim og opplyser at allereie no kan ein melde seg.

– Det gjer ein via nettet, eller ved å sende melding til leiaren. Ein kan også følgje arbeidet på Facebook-sida vår, seier ho.

– Komiteen håpar på god dugnadsinnsats, og me vil gle oss over eventuelle kreative og fine innslag som ofte kjem i samband med TV-aksjonen. Me har allereie vore i kontakt med Hero og Røde Kors, som på eigne initiativ har byrja å tenkje på moglege opplegg – så her kan me vente oss litt av kvart.

Til toppen