Håpar hydrogen-pilot kjem på plass i 2017

Håpar hydrogen-pilot kjem på plass i 2017

Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, seier Årdal har gode føresetnader for ein hydrogenfabrikk. 

Årdal: Laberg orienterte formannskapet om ståa for hydrogenfabrikken tysdag etter nyheita om dei store planane til Østfold Energi sprakk tidlegare i haust.

Allereie til neste år kan ein pilotfabrikk vere på plass i det som berre vert omtalt som Dooria-bygget på Årdalstangen, men Laberg understreka at her er det ikkje tatt ei avgjerd enno.

– Målet er at pilotanlegget skal vere oppe og gå i løpet av 2017, truleg mot slutten av året. Då vil me få svar på mange spørsmål me har, men det er viktig å understreke at ei beslutning på dette er ikkje tatt, seier han og ville heller ikkje fortelja når beslutninga blir tatt.

– Går alt som me håpar, har me ein fabrikk på plass i løpet av 2018 til 2020. Men det er mange tunge problemstillingar som skal på plass før det.

Kraftprisar

Etter planen skal produksjonen ligge på 26.000 kilo i døgnet med Dooria-bygget som alternativ éin for lokasjon. 

– Grunnen til at Årdal er så interessant er kraftprisane. Dessutan passar dette godt med strategien til Sogn og Fjordane med lokal verdiskaping knytt til kraftproduksjon, forklarar næringssjefen, som åtvarar om at Årdalstangen kan tape på oppløpssida sidan ingenting er bestemt enno.

Det som gjer Årdal ekstra spesielt er at hydrogen vil bli produsert reint, altså ved hjelp av vatn. Dei fleste hydrogenfabrikkane i landet produserer hydrogen ved hjelp av gass, som igjen gir utslepp av CO2. 

Time produksjonen

Østfold Energi eig kraftstasjonen i Naddvik og tenkjer å nytte seg av denne krafta til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Dette er for så vidt ikkje ny teknologi, men det som er nytt, er at hydrogen no skal nyttast til køyretøy, som bilar og bussar.

Ei utfordring no er å time produksjonen i forhold til marknaden, samt finne kundar. 

– Det blir viktig å finne kundar som kan ta ut produksjonen frå piloten. Det arbeidet håpar me å ha funne ei løysing på ved årsskiftet. 

– Me er meir optimistar i dag enn det me var då me starta prosjektet. 

«Energicluster»

Skulle alt gå som Østfold Energi og kommunen håpar, vil ein kunne få eit slags «energicluster» i Årdal, som står i sterk kontrast til den forureina fortida industrikommunen har. 

– Du har Hydro som har kome langt i å tenkja miljøretta på aluminium, Norsun som er i front på sol, og så vatn med hydrogen. Då sit ein plutseleg på eit energicluster, som iallfall ikkje eg har sett makan til i Noreg, fortel Laberg og takka Hydro for at dei har fått låne forskarar hjå dei til sjå på prosjektet.

Til toppen