– Me ønskjer å bidra positivt til folk som vil ut på tur, seier leiar ved Sogndal lufthamn Kjell Otto Gjesdal.

Håpar ny parkeringsordning vil blidgjere turgåarar på Haukåsen
Etter å ha vore på utgåande kontrakt har Avinor fått beskjed av vegeigar om å ikkje brøyte ved parkeringsplassen opp mot turområdet ved Haukåsen. Til helga kan ein ny ordning vere på plass for folk som vil parkere billigare på flyplassen.