DÅRLEG LUFT: Inneklimaet på Tangen skule er tidsvis så dårleg at elevar og tilsette slit med hovudverk. På varme sommardagar kan det bli over 30 grader i klasserommet, men det er først og fremst kvaliteten på lufta som er problemet, forklarar rektor Jan Kåre Stedje. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
DÅRLEG LUFT: Inneklimaet på Tangen skule er tidsvis så dårleg at elevar og tilsette slit med hovudverk. På varme sommardagar kan det bli over 30 grader i klasserommet, men det er først og fremst kvaliteten på lufta som er problemet, forklarar rektor Jan Kåre Stedje. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Foto: Arkiv)

Håpar på etterlengta frisk pust for inneklimaet på skulen

Både elevar og tilsette slit med konsentrasjon og hovudverk fordi inneklimaet tidsvis er elendig på Tangen skule. No kan det bli orden på det.

Årdalstangen: På dei varmaste sommardagane kan det bli opp mot 30 grader i kontorfløyen på Tangen skule, men det er først og fremst kvaliteten på lufta som er problemet. Slik har det vore i fleire år.

– Målingane viser at det i urovekkande grad er tungt for elevane å konsentrera seg. Det er mykje hovudverk både blant elevane og dei tilsette, seier rektor ved skulen, Jan Kåre Stedje.

Med mindre politikarane ombestemmer seg, ligg det no an til at ein får fiksa dette neste år. I investeringsplanen til kommunen, er det sett av 9 millionar kroner til dette.

VARMT: Dette notatet syner temperaturane i kontorfløyen på Tangen skule fire dagar i juni i år. 
VARMT: Dette notatet syner temperaturane i kontorfløyen på Tangen skule fire dagar i juni i år. 

– For oss er dette avgjerande. Eg veit det er ein del av økonomiplanen, så no er me veldig spente på utfallet. Berre at dette er ei prioritert sak er ei gladnyheit i seg sjølv.

Kom varsel om pålegg i 2010

Allereie i oktober 2010 kom det varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet, der fristen for gjennomføring var sett til mars året etter, seinare utvida til juli etter at kommunen søkte om å få utsett fristen.

Ingenting vart gjort, og først i februar 2013 varsla kommunen i eit brev at det hadde blitt gjennomført eit forprosjekt og at opprustinga skulle takast omsyn til i økonomi- og handlingsplan frå 2012 til 2015. 

I eit brev datert 13.6.2016 som representantar frå FAU, elevrådet, skulemiljøutvalet, SU, tillitvalde for lærarane og verneombod ved skulen sendte i høyringsinnspel til behandling av revidert budsjett i sommar, går det fram at forprosjektet omhandla ei total ombygging av denne delen av skulen.

«Arbeidstilsynet lever såleis i trua på at dette er utbetra, og det er alarmerande,» skriv dei i brevet og legg til: 

«Avgjerda i saka vert følgeleg avgjerande for oss i høve til vidare kontakt med Arbeidstilsynet.»

Omfattande arbeid

Tiltaket er omfattande, forklarar seksjonsleiar for FDV, Hans Jørgen Røneid, i Årdal kommune. Hovudsakleg er det ventilasjonsanlegget dette går på. I tillegg må det gjerast nokre tiltak på oppvarmingssystem.

– Grunnen til at dette er litt komplisert er fordi det krevst bygningstekniske endringar. Me kan ikkje plassere anlegget på det rommet det er i dag fordi det er ikkje plass. Og så har ein kanalar som er underdimensjonerte i forhold til kva det nye anlegget krev, forklarar han. 

Med mindre prosjektet vert teken ut av budsjettet eller det skulle vise seg å koste meir enn tenkt, vil truleg inneklimaet få ein etterlengta frisk pust neste sommar i skuleferien. Arbeidet kan ikkje pågå medan det er undervisning. 

– Så me må byrje tidleg med å planleggje slik at det kan gjennomførast i skuleferien. Først skal det gjerast ein forstudie og kostnadskalkyle før det går ut på anbod. 

Må flytte på seg

Det er ingen tvil om at dette vil ha sitt å seie for kvardagen til dei som skal tilbringe dagane i eit klasserom.

– Når sola står på her i juni eller juli, kan me ikkje jobba her på kontoret lengre enn til 11. Då må me avslutta fordi det er så dårleg luft. Det hender eg sit her om sommaren og legg timeplanar, og då flyttar eg til den andre fløyen fordi det er håplaust å vera her. Så kan ein då tenkje på elevar som skal sitje i ein undervisningssituasjon. 

– Jubelen vil vera stor dersom politikarane prioriterer dette.

Til toppen