SOGNDAL: – Eg sa vel det eg meinte der og då, og dei beklaga seg, men det sit no litt i magen, seier Sogndaltrenar Eirik Bakke.

Håpar på etterlengta revansje, tre år etter nedturen: – Me slo dei 4-0 her før i år, så det var vel ikkje noko "rævvafotball" då
Tre år er gått sidan Ranheim sendte Sogndal ned frå Eliteserien på straffekonk. Bakke seier han har gått vidare, men trur både bygda og spelarane er sugne på revansje.