GOD EFFEKT: Magnhild Aspevik, landbrukssjef for Felles landbrukskontor ÅLA, håpar den nyleg vedtekne handlingsplanen deira skal gi gode effektar for landbruket i Årdal, Lærdal og Aurland. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GOD EFFEKT: Magnhild Aspevik, landbrukssjef for Felles landbrukskontor ÅLA, håpar den nyleg vedtekne handlingsplanen deira skal gi gode effektar for landbruket i Årdal, Lærdal og Aurland. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar på gode effektar for landbruket

Her er tiltaka Felles landbrukskontor ÅLA skal jobba med i år og neste år.

Bakgrunnen for planen er tiltaksplanen for landbruk. I og med at Lærdal er ein omstillingskommune, er dei med i eit prosjekt som heiter næringsvenleg kommune. 

Difor vart landbrukskontoret utfordra til å laga ein handlingsplan og plukka ut dei delmåla som er vedteken innan tiltaksplanen og jobba vidare med dei realistiske tiltaka. Dette vart godkjend i det førre kommunestyret i Lærdal, men prosjekta skal også gjelde for Aurland og Årdal.

God effekt

– Me håpar dette skal gi nokre gode effektar. Me jobbar blant anna med prosjekt sau og utmark, og det er ein del av handlingsplanen. Då er målet å auka produksjonen og kompetanse knytt rundt det temaet, fortel landbrukssjef Magnhild Aspevik.

– No jobbar me med fiskeforvalting, og så skal me prøva å få tak i midlar frå kommunal- og moderniseringsdepartementet og satsa litt stort på fleireårig prosjekt, men det er uvisst om me får midlar.

Det interkommunale samarbeidet har eksistert i fleire år og vil vare fram til ein av kommunane seier opp avtalen. 

Få ungdom inn i landbruket

Prosjekta nemnt over er berre eit par av fleire tiltak. Eit anna viktig tiltak som Aspevik nevner er gardsoverdragingskurs.

– Det er viktig for å stimulera at ungdommar tar over landbruksområda for å ta vare på landbruksnæringa. Viss ungdommane ikkje slepp til, stagnerer det og stoppar opp, seier ho.

– Det er altfor få som gir frå seg gardane sine til ungdommane. Det er mange eldre eigarar, og dei kan vera gode nok dei altså, men viss det er ungdom som har lyst til å satse på landbruket, må dei få høve til det når dei er unge og fulle av guts, idear og pågangsmot. 

Aspevik fortel at det ikkje er nokon ekstra finansiering på den jobben som skal gjerast og at det difor kan få konsekvensar for anna forvalting, men det er både politisk aksept og eit ønske frå fagmiljøa å få dette til.

Til toppen