NYTT GJERDE: Det nye hjortegjerde på den nye gravplassen i Øvre Årdal er sett opp. No håpar Oddbjørn Einan og Årdal kyrkjeleg fellesråd på hjelp til å finansiere sin del. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYTT GJERDE: Det nye hjortegjerde på den nye gravplassen i Øvre Årdal er sett opp. No håpar Oddbjørn Einan og Årdal kyrkjeleg fellesråd på hjelp til å finansiere sin del. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar på hjelp til å finansiere hjortegjerdet

Det etterlengta hjortegjerdet er på plass på den nye kyrkjegarden i Øvre Årdal. 

Øvre Årdal: I håp om at dette skal halde hjort og rådyr vekke frå gravplassen, der dei beitar på blomar pårørande legg på grava, er det sett opp eit hjortegjerde i bakenden av kyrkjegarden.

Gjerdet som er sett opp no kostar 100 000 kroner, der Årdal kommune finansierer 60 000 av desse. No håpar Årdal kyrkjelege fellesråd, som skal ta den resterande summen, at folk vil bidra.

– Me manglar 40 000 kroner på denne delen, og det tok fellesrådet på seg. Fellesrådet har ikkje flust med pengar, så det me ønskjer er at innbyggarane og pårørande bidreg. Difor har me sett i gong ei kronerulling, som me håpar folk ser og bidreg til. Kontonummer ein kan setja inn pengar på er 3730 03 61618, seier leiar i fellesrådet Oddbjørn Einan.

Ikkje gjerde rundt heile

Løysinga som no er sett opp inneberer eit gjerde frå ura i austenden til rasvollen bak barnehagen i vest. Forhåpentlegvis er ikkje hjorten smartare enn at når han ser gjerdet, så snur han.

– Mange vil ha gjerdet rundt heile plassen, men estetisk er ikkje det så pent på framsida, så me har holdt oss til baksida. 

– No håpar me at hjorten skal halde seg ute og at blomar skal få stå i fred. Folk er flinke til å pynta, og særleg når me nærmar oss ettervinter og vår steller folk ekstra pent. 

Til toppen