JULESTEMNING: Helge Øren (t.v.) og Steinar Drægni stilte tilhøvesvis friviljug opp i nisselue etter førespurnad frå Porten. No vil dei ha med så mange som mogleg når julegrana skal tennast på torget torsdag 24.november - både folk fleste under sjølve arrangementet, og den som måtte ha idéar eller bidrag i framkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
JULESTEMNING: Helge Øren (t.v.) og Steinar Drægni stilte tilhøvesvis friviljug opp i nisselue etter førespurnad frå Porten. No vil dei ha med så mange som mogleg når julegrana skal tennast på torget torsdag 24.november - både folk fleste under sjølve arrangementet, og den som måtte ha idéar eller bidrag i framkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Håpar på langt over 1000 årdøler når julegrana blir tent

Talet på julenissar skal doblast og arrangørane bak tenninga av julegrana håpar rekorden på frammøtte blir overgått.

Årdal: – Eitt år var det langt over tusen i fakkeltog og heile torget vart fylt då me tende julegrana. Det hadde jo vore kjekt å slå den rekorden, seier Helge Øren, dirigent i Øvre Årdal Janitsjarkorps.

Torsdag 24.november startar fire fakkeltog frå kvar sin ende av sentrum i Øvre Årdal; eitt ved ungdomshuset, eitt ved idrettshallen, eitt i Mjøbakken og eitt ved Indre Sogn Bil. Alle dei fire toga samlast til tenning av julegrana på torget klokka 17.

– Me vil få ut så mange som mogleg. Det er berre å hyva seg på, seier Øren.

Artikkelen held fram under biletet

JULEMESSE: Gamleskulen si julemesse opnar samstundes med tenninga av grana - og det byrjar å bli ganske fullt allereie.
JULEMESSE: Gamleskulen si julemesse opnar samstundes med tenninga av grana - og det byrjar å bli ganske fullt allereie.

– Besteforeldre bakar for harde livet no

Mange er i sving for å få til høgtidsstunda på dagen eitt år før julafta: Janitsjarkorpset spelar, kora i Årdal syng til korpsmusikken, barnekoret er med, Farnes musikkskule sel julebakst.

– Besteforeldre bakar for harde livet rundt om no, seier Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal.

– Di fleire som blir med, di betre blir det

Men dei vil ha enno fleire med.

– Lag og organisasjonar som kan koma med noko som luktar, smakar, blinkar eller bråkar - bli med, seier Drægni.

– Og om nokon - også private - har idèar eller synspunkt på arrangementet er dei hjarteleg velkomne til å koma med dei. Dette er ein kollektiv dugnad, så di fleire som blir med, di betre blir det, legg Øren til.

Artikkelen held fram under biletet

JULEKRUS: Det du ikkje finn av julepynt her er truleg ikkje verdt å finna - på denne veggen heng 31 julekrus.
JULEKRUS: Det du ikkje finn av julepynt her er truleg ikkje verdt å finna - på denne veggen heng 31 julekrus.

– For lite med to nissar 

Mykje kjem til å skje på torget neste torsdag - 450 godteposar skal delast ut og lysa i alle trea rundt om i sentrum blir tende.

– Det kostar jo, dette - to hundre faklar og innhaldet i 450 godteposar. Næringslivet står bak og betalar, elles hadde det ikkje gått, seier Drægni.

I tillegg heldt quiltelaget ope hus med sal av kunsten sin, julemessa på gamleskulen opnar, og nissen kjem sjølvsagt. Nissane, rettare sagt.

– I fjor kom det to, det var for lite. Så i år blir det i alle fall tre, kanskje fire.

Helge Øren oppsummerer slik:

– Kor stort kan me få det, og kor mange kan me få ut?   

Nissemarsj på Tangen

Dagen før, onsdag 23.november, er det julegateopning på Tangen. Her arrangerer Åtil barneidrett nissemarsj frå Rema 1000 ned i sentrum med avmarsj klokka 17.

Før dei går nedover til sentrum vert det utdeling av nisselue og ei overrasking. Tenninga føregår om lag klokka 1730 og Årdalstangen musikklag spelar heile vegen.

– Det blir ei tradisjonsriok stund med litt julesongar, butikkane på Tangen held ope til klokka 19 og det er nokre damer som skal selja Årdalskling og Sunnfjordkling, og det blir sal av kransekake og kringler i dei gamle Tisku-lokala. På Klingenberg får ein kjøpt graut og saft og det går kino klokka 1800, seier Jan Are Øvstetun, som er med og arrangerer julegateopninga.

Kinoen er «Familien Jul i nisseland». Dessutan stiller Tangen køyre- og rideklubb med hest og nisse.

Til toppen