VETERANCUP: I helga går den årlege Veterancupen av stabelen i Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VETERANCUP: I helga går den årlege Veterancupen av stabelen i Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Håpar på mange tilskodarar på Veterancupen

Med tidlegare Manchester United-stjerner som hovudattraksjon håpar Roald Flodsand på godt oppmøte på tribunene.

Turneringsleiaren fortel at 55 lag har meldt seg på til årets Veterancup, som vert spelt i Årdal, Lærdal og Aurland fredag ettermiddag og laurdag. 

Laga er fordelt på fem klassar, der nokre av laga er så heldige at dei får møte tidlegare storspelarar for Manchester United. 

Førre veka var dei ute og søkte etter keeper for laget, og det er Johannes Laugaland frå Stavanger som får det ærefulle oppdraget å vokte buret, medan Frank Stapleton, Clayton Blackmore, Viv Anderson og Arthur Albiston skal score måla.

– Me håpar mange vil møte opp og sjå på både desse og dei norske spelarane i aksjon, seier Flodsand, som takkar idrettslaga Jotun, Lærdal og Aurland for bidraga til turneringa.

– Det er kjekt for både arrangør, spelarar og publikum å sjå tidlegare storstjerner. Det krydrar jo dette litt, og det trur me er positivt. Den fysiske formen kunne nok sikkert vore betre, men slik er det når ein blir eldre, men det er tidlegare landslagsspelarar dette.

Sett vekk frå United-stjernene, er det også svært gode norske spelarar som deltek. Mellom anna Bjarne Berntsen er med. Det same er Terje Kojedal og Vegard Skogheim. På damesida kjem Turid Storhaug, som har 22 landskampar for Noreg.

På den andre sida er det ingen lag frå Årdal med i år. Vanlegvis har årdølene stilt med fleire lag, men skader bidreg visstnok til at det i år ikkje er nokon lag frå Årdal.

– Det er jo leit, men det som kan takast med er at Lærdal stiller med to lag. Dei har ikkje vore med på to år, så dette svingar litt. Slik er det berre. 

Flodsand håpar på godt oppmøte frå publikum. Alt av overskot frå turneringa vert fordelt på idrettslaga, fortel han. 

Til toppen