Fiske: Ved midnatt 1. juni gjekk startskotet for laksesesongen i dei fleste av dei 450 lakseelvane i landet.
Lærdalselva opnar ikkje for laksefiske før 5. juni i år.
Les også: Oppløftande resultat etter undersøking av Lærdalselvi
– Me opnar elva litt seinare, altså natt til søndag ved midnatt. Grunnen til dette er fordi elva endå ikkje er 100 prosent friskmeld, seier leiar i Lærdal elveeigarlag Lasse Sælthun.
Sjå film når dei lepp 6.000 lakseungar ut i Lærdalselvi her
Om Lærdalselva er gyrofri hausten 2017, blir den offisielt friskmeld.
Største fiskane kjem først
– Fisken er mest tilbøyeleg til å ta når den er nygått i elva. Tradisjonelt er det dei største fiskane som kjem først i elva. Derfor er sjansane når det først nappar i juni, større for at det er grom-laksen som går på, seier prosjektleiar Pål Mugaas i Norske Lakseelver som er næringsorganisasjonen for rettshavarane i nær 80 lakseførande vassdrag.
Les også: Vil stramme inn fiske etter laks og sjøaure
Ifølgje Mugaas er det forsiktig grunn til optimisme for at det ved laksestart i år skal vere mogleg å ta større laks.
– Fjoråret var eit godt år for mellomlaksen mange stadar. Året før var det eit ganske godt år for smålaks. Vi håpar på eit godt storlaksår i år, i alle fall i Rogaland, Nord-Trøndelag og Finnmark. Kanskje også på Sørlandet, seier Mugaas.
Norske Lakseelver koplar denne optimismen til at oppdrettsnæringa i 2013 hadde god kontroll på lakselusa gjennom ekstraordinære tiltak.
Les også: Dette har han venta ti månadar på å få gjera
– Vi håper at det er storlaks frå 2013 som skal komme tilbake frå havet i år, men er litt meir usikre på Sør-Trøndelag. Her må all smolten ut gjennom Trondheimsfjorden og forbi område med mykje lus. Her har også fangstane vore litt dårlegare dei to siste åra, seier Mugaas til NTB.
Løfterikt i Namsen
I det nest beste laksevassdraget i landet, Namsen, deler dei optimismen for meir storlaks i år. I fire år har Leif Skorstad drive prøvefiske med kilenot på oppdrag for Norsk institutt for naturforsking (NINA). Til Trønder-Avisa fortel han om eit eventyrleg prøvefiske så langt i år. Han har fått 408 laks i to kilenøter, blant dei fleire storlaks på over 20 kilo.
Les også: 2015 var eit svakt fiskeår i Årdal
– Den største eg har fått så langt er på 25 kilo, den gjekk i nota laurdag. Før helga fekk eg ein på 24 også. Desse er no på tur til Namsen, sa Skorstad til Trønder-Avisa måndag.
Driva-optimisme
I Drivavassdraget vart det tatt 673 laks i fjor. Leiaren i Surnadal elveeigarlag, Georg Solem seier til avisa Driva at han ser fram til fiskestarten 1. juni.
Les også: Her kan du ikkje fiske sjøaure
– I år er forventningane relativt høge. Vi har hatt to gode år på små- og mellomstor laks. Det kan bety at det kjem inn ein del storlaks i år. Det er vanlegvis slik at etter eit par år med mykje små- og mellomstor laks, kjem storlaksen året etter, seier Solem.
Kvar femte blir sett ut
Totalt er villaksfangsten halvert sidan 80-talet. Men i fjor auka totalfangsten med 10 prosent ut frå eit tiårsgjennomsnitt.
Les også: Berre seks prosent av merka fisk vart fanga på nytt
Ifølgje Statistisk sentralbyrå vart det fanga 131.690 laks i norske elvar i fjor. Av desse vart drygt 25.000 eller 19 prosent sett ut igjen. For fem år sidan var delen 11,6 prosent.