Håpar på oppmøte i Ofredalen

Håpar på oppmøte i Ofredalen

Ofredalens venner inviterer alt og alle til til ei lita hyggestund blant husa nede ved sjøen.

I tillegg til omvisning, kan dei besøkande kjøpa kaffi, saft, vaflar og kaker. 

Jobbar med dei gamle bygningane

Ein må betala ein liten sum for å bli med på arrangementet som finn stad klokka 18.00 i ettermiddag tysdag.

- Me kjem til å bruka inngangspengane til å kjøpa mat til dei som jobbar dugnad framover, seier Harald Thune i Ofredalens venner.

Ofredalens venner er ein dugnadsgjeng som er i gong med å arbeida på dei gamle bygningane nede ved vatnet. Denne gjengen håpar at folk tek seg tid til å komma for å støtta arbeidet dei er i gang med.

Dersom dårleg vêr, blir det ordna slik at "cafèen" finn stad innandørs.

Til toppen