TIL JUL: Europris skal opna til julehandelen set inn for fullt, men Handelsbygg og dagleg leiar Tore Arntzen har ikkje fått spikra fleire avtalar med handelsverksemder til å satsa på Hydroparken, noko som gjer at det berre blir bygd for Europris i første omgang.  Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
TIL JUL: Europris skal opna til julehandelen set inn for fullt, men Handelsbygg og dagleg leiar Tore Arntzen har ikkje fått spikra fleire avtalar med handelsverksemder til å satsa på Hydroparken, noko som gjer at det berre blir bygd for Europris i første omgang.  Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Håpar trafikken til Europris vil gjera Hydroparken interessant for fleire 

I første omgang byggjer Handelsbygg berre ut for Europris i Hydroparken. Plan A var at eit nesten dobbelt så stort bygg skulle koma med ei gong.

Årdal: – Det beste er å byggja alt i ein sving. Samstundes er det ikkje uvanleg at byggjeprosjekt går før seg i fleire trinn, seier Tore Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg AS.

Det som skulle bli eit bygg på 3000 kvadratmeter for Europris og andre aktørar med ei gong, blir i denne omgang «berre» eit 1300 kvadratmeter stort bygg for billegkjeda.

– Me har god tru på at det skal vera mogleg og me har vore i dialog med fleire, men så er det slik at Europris vil ha noko i år, så då byggjer me først til dei, så får me byggja til dei andre i byggjetrinn 2, sa Arntzen til Sogn Avis, som melde saka først.

Les også: Her seier dei ja til næring i Hydroparken

Les også: – Har signert avtale med Europris

– Føler Årdal kjem fint

Til Porten.no strekar Arntzen under at han ikkje er veldig bekymra.

– Me har hatt dialog med fleire potensielle leigetakarar, men dette er prosessar som tek tid. Og me kan ikkje byggja noko før ein skarp leigeavtale er signert. Til ei kvar tid har me tjue tomtar me jobbar med. Det skjer me sit med tomtar i tre til fem år før me får bygd noko. Og me føler Årdal kjem fint.

– Kva verksemder tenkjer de først og fremst på?

– Detaljvarehandel i ein eller annan fasong. Andre næringsbygg kan også vera aktuelt.

Les også: Handelsbygg i dialog med to-tre aktørar

Reknar med byggjestart i løpet av mai-juni

Ein god start for Europris så det dannar seg eit bra kundegrunnlag vil vera viktig for kor vidt Hydroparken blir interessant for andre publikumsretta verksemder, meiner Arntzen vidare.

– Når Europris har ligge der eitt års tid vil besøkstala kunne vera interessant for ein eventuell nabo å sjå på.

Ambisjonen er at Europris blir opna før jul i år.

– Då må bygging starta i løpet av mai-juni. Me er i sluttforhandlingar med entreprenørar no. Eg tippar me bestemmer oss for entreprenør i løpet av første halvdel av mai, så vil det starta å skje ting på området ganske kjapt deretter, avsluttar Arntzen.

Til toppen