Håpet lever framleis for Jotun

Håpet lever framleis for Jotun

Laurdag blei kvalifiseringskampane til 1. divisjon spelt i Volda.

Der klarte ikkje Fyllingen, som Jotun er avhengig av at skal gjere det bra, å ta seg direkte opp i 1. divisjon. Etter å ha tapt første kamp 27-36 mot Grane Arendal var Fyllingen heilt nøydd til å slå Pors, som også tapte for Grane Arendal.

Det gjorde dei. Etter ein jamnspelt kamp stakk Fyllingen av med nokre minuttar att og vann til slutt 28-25. Dermed skal dei ut i ein play-off mot toar i pulje 1, Volda, klokka 10.00 søndag. Vinn Fyllingen denne kampen, er Jotun sikra ny kontrakt i 2. divisjon.

Nærnett, som er Høgskulen i Volda sine studentars praksisnettavis, sendte direkte frå kvalifiseringa i Voldahallen laurdag.

Kvalifiseringskampane blei spelt i to puljer laurdag. Fyllingen var i pulje 2 saman med Grane Arendal og Pors, der dei altså blei nummer to.

I den andre pulja toppa Gjøvik og sikra direkte opprykk, medan Volda blei nummer to. Vertane for kvalifiseringsturneringa blir dermed Fyllingens motstandar søndag.

Til toppen