SØKJER SKODESPELARAR: Ola Moen treng skodespelarar frå Årdal og kringliggjande bygder når han og filmcrewet tysdar startar å spela inn filmen om nundalsdrapet. Foto: Alice Asplund
SØKJER SKODESPELARAR: Ola Moen treng skodespelarar frå Årdal og kringliggjande bygder når han og filmcrewet tysdar startar å spela inn filmen om nundalsdrapet. Foto: Alice Asplund

Har akutt behov for ein mordar

Ola Moen treng å få to skodespelarar kjapt på plass til innspelinga av filmen om nundalsdrapet – mordaren og den drepne.

Årdal/Kaupanger: – Karakterane eg manglar er Bottolf Nundal, som er mordaren og Erik Høyum, ei veldig enkel og roleg rolle, fortel Ola Moen til Porten.no.

Les også: Kan du tenkja deg rolla som mordaren i filmen om nundalsdrapet?

Den som skal spela Bottolf Nundal må vera ein mann på 28 år eller meir. Den som er interessert må væra tilgjengelig følgjande dagar:

  • 16. februar
  • 20. februar
  • 24. februar (2 timar på ettermiddagen) 
  • 25. februar

 
Den som skal spela Erik Høyum, som blir drepen, får rimeleg korte dagar, må vera minst 30 år og tilgjengelig følgjande dagar:

  • 14. februar
  • 15. februar
  • 18. februar
  • 20. februar

– Om dette er noko du kunne tenka deg å væra med på så ta kontakt enten på Facebook "Ola Moen" eller telefon 48012247. Filmcrewet er utruleg dyktige og svært hyggelege folk, og me passar på at du får ein morsom dag på sett.
All kost og losji blir dekka, opplyser Moen.

Les også: Lagar film om Nundalsdrapet

Filminga startar på Sogn Folkemuseum på Kaupanger tysdag 14. februar.
 

Til toppen