SMUGLARSAK: Ei større smuglarsak blir rulla opp i Årdal og Lærdal - 23 peronar er sikta eller mistenkte for kjøp eller sal av smuglarvarer. Regionlensmann Arne Johannessen og Lensmann Magne Knudsen fortel dei involverte har samarbeidd godt med politiet. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
SMUGLARSAK: Ei større smuglarsak blir rulla opp i Årdal og Lærdal - 23 peronar er sikta eller mistenkte for kjøp eller sal av smuglarvarer. Regionlensmann Arne Johannessen og Lensmann Magne Knudsen fortel dei involverte har samarbeidd godt med politiet. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Har avdekt større smuglarsak i Årdal og Lærdal

23 personar har tilstått å anten kjøpt eller seld smuglarvarer i dei to kommunane. Det er snakk om sigaretter og anna tobakk, brennevin og øl som ville ha gitt avgifter på fleire millionar kroner ved lovleg sal.

Årdal/Lærdal: – Me har sidan i mars jobba med det me kallar smuglarsaka. 23 personar er sikta eller mistenkte - alle desse er avhøyrde og har tilstått. Det er tre hovudaktørar og det handlar om Årdal og Lærdal. Smuglarvarene kjem inn på tre måtar - med båt, vogntog og turbussar utanifrå, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Til no har politiet beslaglagt 7000 sigaretter og rundt 40 liter sprit som er smugla inn. Dei tre hovudaktørane det er snakk om har seld varene og er alle nordmenn. Dei tjue andre er kjøparar. Fokuset har vore på smuglarvarer som er selde dei fire-fem siste åra, og utifrå kva som har kome fram i avhøyra dreier det seg om tobakk, sigaretter, brennevin og øl som ville ha gitt anslagsvis to til tre millionar kroner i avgifter ved ordinært, lovleg sal. 

– Me har gjort eit etterretningarbeid for å finna ut kva rollar dei innblanda har hatt, kor aktive dei har vore og kva dei har gjort. Då me byrja å iverksetja aksjonar så skjønte folk etter kvart at me visste mykje og dei valde å leggja korta på bordet. Dei me har hatt inne til no har samarbeidd godt med oss, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

– Må ikkje tru me er ferdige

Han fortel at dei no går ut med saka i media fordi mange byrjar å kjenna til aksjonen.

– Sjølv om me går ut er det etterretningsopplysningar som me bearbeider. Me går gjennom mobiltelefonar, og nye namn dukkar opp. Ein må ikkje tru at me er ferdige, fleire kjøparar kan venta å høyra frå oss.

Dei tre seljarane, hovudaktørane, er ikkje i direkte samarbeid, etter det politiet kjenner til.

– Dei veit nok om kvarandre, men det er ikkje avdekt samspel mellom varene som har kome med vogntog og båt. Så det er ikkje noko som tyder på at dei tre har felles butikk, men dei kan ha felles kundar. Dette viser at det er ein marknad, og me vil stenga marknaden. Me etterforskar også med tanke på å koma oss eitt hakk opp i ledda her, seier Johannessen.

– Kriminelt og stor helserisiko

No sender dei saker fortløpande til påtale. Kjøparar får bøter, seljarar kan få strengare straffereaksjonar. 

– Det er det eine hovudpoenget, at det er ulovleg og kriminelt å kjøpa eller selja smuglarvarer. Det andre er at det er stor helserisiko å kjøpa og konsumera dette. Ein veit ikkje kva ein får i seg; det er å spela rulett, seier Johannessen.

– Eg er litt overraska over omfanget; eg trudde eg hadde så gode augo og vibbar at eg i større grad hadde fått det med meg. Og omfanget skuffar meg litt, men det er veldig greitt at me får hol på det, seier lensmann Knudsen.

Til toppen