FORLÈT SOGNDAL: Kjetil Wæhler har flytt frå Sogndal, og no stadfestar han at han ikkje kjem til å spela på laget til neste år. Men han har mykje godt å seia om fotballklubben.
FORLÈT SOGNDAL: Kjetil Wæhler har flytt frå Sogndal, og no stadfestar han at han ikkje kjem til å spela på laget til neste år. Men han har mykje godt å seia om fotballklubben. (Halvor Farsund Storvik)

Har berre godt å seia om Sogndal, både som bygd og som fotballag

Kjetil Wæhler forklarar i ein SMS at han har trivest godt i Sogndal. Han synest det var leit med nedrykket, men håpar på eit direkte opprykk for klubben. 

 Sogndal/Oslo: I november utelukka ikkje Kjetil Wæhler heilt sikkert overfor Porten.no at han ville verta å finna på Fosshaugane også til neste år. 

Men so, dagen før nyttårsaftan kunngjorde Sogndal at Chidiebere Nwakali hadde forlate klubben og ikkje kom til å verta med til neste år. Mellom linene var det å forstå at heller ikkje Kjetil Wæhler eller Ole Martin Rindarøy ville verta å sjå på Fosshaugane til neste år. 

Og no stadfestar altso Wæhler i ein SMS til Porten.no at tida hans som spelar i Sogndal fotball er over: 

Hei. Godt nytt år! Det stemmer nok det at jeg forlater klubben. Selv om avslutningen ikke ble slik jeg håpet på, har jeg kun positive ting å si om Sogndal, både som bygd og som fotballag. Jeg har trivdes veldig godt, ble tatt godt i mot og alle har bare vært supervennlige hele tiden. Sogndal er en klubb hvor mulighetene til å utvikle seg som fotballspiller er gode da alt er veldig bra tilrettelagt og fasilitetene er upåklagelige. Håper at arbeidet som blir lagt ned innad i klubben bærer frukter, slik at vi ser Sogndal tilbake i Eliteserien i 2019! //Kjetil

Til toppen