AUKE I OMSETNAD: Sjølv om folketalet gjekk ned, auka omsetnaden i handelen i Årdal i første halvår i år. Nye etableringa, utvida tilbod og at årdølene er flinkare til å handle lokalt, får skulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AUKE I OMSETNAD: Sjølv om folketalet gjekk ned, auka omsetnaden i handelen i Årdal i første halvår i år. Nye etableringa, utvida tilbod og at årdølene er flinkare til å handle lokalt, får skulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Har byrja å merke effekten av turismen​

Sjølv om folketalet gjekk ned, auka omsetnaden i handelen i Årdal i første halvår i år. 

Årdal: Det går fram av ein rapport som Balanza Gruppen har gjort for Årdal Utvikling. Tala syner mellom anna at faghandelen veks meir enn landsnivået.

– Det betyr at handelslekkasjen går ned innanfor det området. Dette skuldast delvis nye etableringar og utviding av tilbodet, som ny møbelbutikk, og at årdølene brukar dei lokale butikkane meir, forklarar næringssjef Terje Laberg i Årdal Utvikling.

I rapporten heiter det at «nedgangen i folketalet er ikkje positivt for handelsnæringa. Dette kan i mellomtida kompenserast ved at tilstrøyming av hyttefolk og turistar aukar.»

På nivå med julehandelen

Det som kanskje utmerkar seg mest i desse tider der kommunen forsøker så hardt å satse på reiseliv, er at omsetnaden på butikkane i sommar var like høg som juleomsetnaden i 2015.

– Det er veldig morosamt. Me følte sjølv at me ikkje klarte å utnytte straumen godt nok, men ein har fått til litt. Då ser ein at det er etableringane på torget som fører til at fleire stoppar opp, særleg gjennomgangstrafikk frå Tindevegen. Sjølvsagt ser me at turisttilstrøyminga til campingen i Utladalen og Klingenberg hotell har auka. 

I rapporten er tala og statistikken oppsummert kort i sju kulepunkt:

  • Detaljhandelen i Årdal økte til dels sterkt i første halvår 2016
  • Sterkest vekst hadde faghandelen med 5,1 %
  • Detaljhandel uten motor økte med samme takt i Årdal som i Norge, 3,3 %
  • Dekningsgraden økte litt, endte på 79,3
  • Til dels sterk økning i omsetning pr person tyder på at detaljhandelsaktørene gjør god jobb
  • Termintall viser at omsetning på våren og forsommeren har tatt seg opp
  • Prognose tyder på at Årdal vil komme ut med samme vekst som Norge, antagelig på 2,6 % så snart hele året 2016 er omme.

Handelslekkasje på 20 prosent

Dekningsgraden på handelen er no på 79,3 prosent. Det vil seie at handelslekkasjen er på 20,7 prosent. Dette utgjer nesten 150 millionar kroner.

– Det igjen betyr mellom 50-70 arbeidsplassar. Så veit me at det ikkje er realistisk å dekke opp alt saman, men det viser kor viktig det er å demme opp fordi det gir heilt konkret nye arbeidsplassar, seier Laberg.

Han påpeikar at det innanfor faghandelen ofte er snakk om kvinnelege arbeidsplassar. Er det noko Årdal har behov for, er det kvinner i 20-årsalderen, seier han.

Utvikle sentrum austover

Det er også eitt av argumenta som vert nytta i debatten kring Europris-etableringa i Hydroparken, ei sak som vil få si ende politisk komande torsdag. 

– Det vert lagt vekt på stoppeffektar i sentrum, men dette næringsbygget vil jo ligge litt utanfor sentrum. Kva vil det ha å seie?

– Slik me planlegg no, må sentrum utvikla seg austover. Det står også i arealplanen til kommunen. Det betyr at området på andre sida av brua, som er blitt veldig fint, og Europris vil danna ein naturleg handelsinngang frå fylkesveg 53 til kjernen på torget.

Til toppen