Høyanger: Det er mykje liv i samfunnshuset i Høyanger då Porten.no er innom laurdag, med over 100 ungdommar samla saman i danseglede i Dans Utan Grenser (DUG). Sjølv då det er lunsjpause, er det nokre ivrige deltakarar som nyttar høvet til å danse når scena er ledig. Felles for alle ungdommane er at dei brenn for dansen, og lærer vidare kunnskapen og engasjementet dei har til andre born og unge i lokalsamfunna.

Har danseglede utan grenser
Ungdom frå heile fylket samla seg i Høyanger samfunnshus i helga for siste finpuss på Dans Utan Grenser-førestillinga før fylkesturneen. Tre jenter frå Høyanger har teke prosjektet til tettstaden.