REKORDSOMMAR: Reidar Offerdal har drive butikk i Årdal i 32 år, men aldri har omsetninga om sommaren vore så bra som i år.
REKORDSOMMAR: Reidar Offerdal har drive butikk i Årdal i 32 år, men aldri har omsetninga om sommaren vore så bra som i år. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Har drive butikk i 32 år: – Dette er den beste sommaren nokonsinne

Satsinga på reiseliv byrjar å dryppe på næringslivet i Årdal. Fleire bedrifter Porten.no har snakka med har sett nye omsetningsrekordar i sommar.

Årdal: – Me hadde ein toppsommar i fjor, men no har me overgått den toppen òg. Dette er den beste sommaren nokonsinne, og me har drive butikk i 32 år.

Det fortel Reidar Offerdal, som driv Sporthuset i Øvre Årdal. Etter ein bra sommar i fjor, har omsetninga auka med mellom 8–10 prosent i år. Kva som er årsaka til veksten, er han heilt klar på.

– Det er hyttefolk og gjennomgåande turisttrafikk som skapar dette. Det er heilt garantert. Det er fleire og fleire utlendingar som kjem innom, og dei handlar. De har vore mykje tyskarar og amerikanarar spesielt, seier han.

Frå rolege dagar til dei mest hektiske i året

Og slik er det for fleire av bedriftene Porten.no snakkar med. Med ei bevisst satsing på reiselivet byrjar det å dryppe på resten av næringslivet i kommunen. Der bedrifter i Årdal tidlegare kunne nedbemanne om sommaren fordi det var så lite trafikk, er situasjonen snudd heilt på hovudet no.

– Sommaren er blitt den mest hektiske. Me må ha ein tilsett ekstra her om sommaren enn elles, smiler Offerdal.

Slik er trenden på andre sida av elva også. På Vee Bensin og Bilrekvisita er tilbakemeldingane dei same.

– Det er ikkje tvil om at det har vore ein markant auke. Det treng ein ikkje å sjå på omsetningstala for å vite ein gong. Me ser det på trafikken rundt pumpene, på dei tilsette. Me merkar at det har blitt jobba godt med reiselivet, seier Svein Vee.

REKORD: Marita Opheim på Tya Bakeri og Kafé fortel at dei har sett nye omsetningsrekordar fleire gonger i sommar.
REKORD: Marita Opheim på Tya Bakeri og Kafé fortel at dei har sett nye omsetningsrekordar fleire gonger i sommar. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Har sett fleire omsetningsrekordar i sommar

Nede i sentrum att har dagleg leiar Marita Opheim og resten av gjengen på Tya Bakeri og Kafé hatt nok å henga fingrane i etter reopninga i juni. Sidan då har det berre gått éin veg.

– Det har vore veldig god omsetning med nye rekordar fleire dagar. Det blir nesten slik at me sjekkar heile tida for å sjå korleis det ligg an, fordi det er så moro, seier Opheim.

Også ho melder tilbake om stor auke i turisttrafikken, men seier at lokalbefolkninga òg har vore flinke til å bruka kafeen. No som det går mot haust, prøver bakeriet å koma opp med nye tilbod for stadig å fornya seg.

– Har du tru på at denne veksten om sommaren er noko som vil halde fram?

– Ja, det trur eg. No er det så mange eldsjeler som jobbar for å skapa eit godt reiseliv i Årdal. Det er mange ting som skjer, og det var noko eg sjølv tenkte på då eg tok denne jobben. Dette er noko eg ønskjer å vera med på.

Til toppen