RYDDING: Kan kostnadene ved å måtte fjerne gamle vindturbinar føre til ruin for grunneigarar? Spør Hildegunn Vederhus i innlegget.
RYDDING: Kan kostnadene ved å måtte fjerne gamle vindturbinar føre til ruin for grunneigarar? Spør Hildegunn Vederhus i innlegget. (Illustrasjonsfoto: Flickr/Susanne Nilsson)

MEININGAR

Har du 30 millionar kroner, grunneigar?

– Det som skjer på grunneigars eigendom, er etter lova grunneigars ansvar. Må grunneigar bere opprydningskosten dersom investorar i kraftselskapa trekkjer seg ut, slår industrianlegget konkurs og forlet turbinar og naturområdet til kråkene? spør Hildegunn Vederhus om opprydding etter vindkraftverk i innlegget.

Meiningar: Eg, grunneigar-spiren, var på møte med Zephyr AS. Innleiande møte, sa dei. Salgsteknikk og rosaskyer, seier eg. Eg høyrde prosjektutviklarane bagatellisere reelle bekymringar, overhøyre kritikk, ikkje akseptere fleirtalsavgjerdsler, avfeie ordførarar si henstilling, avfeie forskningsresultat som ikkje tala er i deira favør og unnlate å informere grunneigarar om den kjempemessige økonomiske risikoen desse løper.
Særleg dette siste vil eg her seie noko om...

Eg spør meg;
Løper grunneigarar og deira etterkomarar ein kjempeøkonomisk risiko ved å tillate vindturbinar på eigendomen sin? Ser vi starten på ei rekkje personlege konkursar og kommuner som kjem på ROBEK-lista att? Ser vi starten på at fleire og fleire etterkomarar ikkje vågar ta over eigendomar som har forelda vindturbinar ståande på seg? Det som skjer på grunneigars eigendom, er etter lova grunneigars ansvar. Må grunneigar bere opprydningskosten dersom investorar i kraftselskapa trekkjer seg ut, slår industrianlegget konkurs og forlet turbinar og naturområdet til kråkene?

Ein må ha eksempel å samanlikne med. Her i Selje har vi friskt i minne 2016. Branntomta etter Selje hotell var estimert til 4 millionar i opprydning, ifølge avisa. Men selskapet var renska for verdiar lenge før dei vart slått konkurs, og ein hadde ingen å rette kravet til. Kommunen fekk rekninga på sin pult. Ein gjekk til den som eigde grunnen. Ein vindpark er eit formidabelt opprydningsprosjekt samanlikna med Selje hotell.

Kven får rekninga? 

Kven får rekninga når «fuglen er fløyet» frå grunneigarane si tomt mens "reiret" ligg att som ein aukande miljøtrussel? Er grunneigar eller den som tek over etter grunneigar, klar til å bære kosten for opprydning eller bøter for mangel på slikt? Når folk ikkje kan betale, vert ein slått personleg konkurs. Og kor havnar eigedomen og rekninga då? For opprydninga må gjerast. 

Fleire stadar i verda står forlatte turbinar å rustar ned. Det at ein grev ned turbindelar eller let dei stå att, fortel at skrotverdien og nedriving på ei paddeflat mark i Europa ikkje er så høg at det lønner seg å rydde opp. Det vert ikkje billigare her oppe i fjellheimen.

Hildegunn Vederhus

Om kommuen får rekninga, vil det seie at alle innbyggjarane må ta støyten for den grunneigar som i si tid signerte.

Zephyr AS snakka om at grunneigarar signerer for å ha noko å gje vidare til etterkomarane. Men her er risikoen at arven blir fare for økonomisk ruin. Ei mildt sagt tragisk arv. I lys av kor omfattande risikoen er for grunneigarar og kommunene, blir kanskje Terra-avtalene en miniputt å rekne?

Prosjektutviklarane seier skrotverdi er eit insentiv for opprydning. Fleire stadar i verda står forlatte turbinar å rustar ned. Det at ein grev ned turbindelar eller let dei stå att, fortel at skrotverdien og nedriving på ei paddeflat mark i Europa ikkje er så høg at det lønner seg å rydde opp. Det vert ikkje billigare her oppe i fjellheimen.

Store kostnader

Opprydning av eit industrianlegg er idag estimert til 1 million per mølle + adskillige millionar til opprydning eller årleg vedlikehald av infrastrukturen på området. Turbinar består av spesialavfall.

Beskjedent estimert ville eg tru at ein minst snakkar om 30-40 millionar i opprydning av eit anlegg på 20-25 turbinar.

(NVE har eit svært forsiktig estimat om at demontering av ein vindturbin vil koste 800.000 kr.) Pengar til slikt vert ikkje begynt avsett før etter år 12. Og også då, ikkje nok til å ta den reelle kosten. Og på kven sin konto havnar desse avsettingane?

Kva hvis interessene eller teknologien endrar og gjer anlegget mindre investeringsverdig innan år 11? Har norsk lovverk hengt med? Finst det forsikringsselskap som ville forsikre ein grunneigar om kraftselskapet slår seg konkurs eller investorane viser å ikkje opptre så altruistisk som prosjektutviklarane hevdar?

Kva med grunneigarar som har signert avtalar med selskap som veit å styre unna stigande vedlikehaldskostnader ved å selje unna anleggsmidlar?

Zephyr AS sa på møtet at dei såg føre seg konsesjonane fornya inn i evigheta. Skal vi virkeleg tru på det og ikkje eingong tenkje på korleis finansverda fungerer?

Konsesjonen varer i 25 år. Avsetning til opprydning skjer frå år 12, som sagt. Teknologien er i drivande utvikling. Landbaserte anlegg er økonomiske kun i kraft av at dei er sterkt subsidierte akkurat no. Fornuftige investorar vernar om si portefølje. Nedadgåande avkastning målast opp mot investering for å auke omsetninga. Når det ikkje er godt nok, sel ein ut til mindre investorar med mindre økonomiske musklar. Desse melkar ut siste del, skil ut delar av verksemda som ikkje er lønnsame og legg dei ned. Slår ein dei i tillegg konkurs, kjem ein unna kreditorar og opprydningskost. Slik fungerer finansverda. Ein ser same dynamikken i oljebransjen. Aksjeeigarar vil ha utbytte - det går framfor alt.

På nære nippet

Sveinulf Vågene kunne fortelje om at ein på nære nippet fekk avverga ei slik tilstand lenger nede på norskekysten, der ein vindturbinleverandør gjekk konkurs. Flaksen var at firmaet ikkje hadde begynt å levere. For det er ikkje business å levere servicedelar og vedlikehald på ein annan produsent sine turbinar. Turbinprodusentar vil levere sine eigne turbinar.

Men utskifting av heile turbinen gjer ikkje anlegget lønnsamt for investorane. Ein slik ekstrakost, vil også få ein smart investor til å selje unna.

Viss eg har rett, må vi vekkje kongen og la varselklokkene ringe så pass at det vert pinleg for både Storting og regjering.

Hildegunn Vederhus

Grunneigarar må ta seg juridisk bistand. Og dette er ikke advokatmat for nybyrjarar. Staten burde som i etterspelet av Terra-saka, kreve at kraftselskapa presenterer eit heilt og reelt risikobilde av avtalen grunneigar står overfor.

Skal vi verkelig ikkje våge å diskutere dette? Bort med rosaskyene, folkens! Fram med lupa og detektivhatt. Grunneigarar over det ganske land treng drivande dyktige juristar, advokatar og politikarar som har augene og øyrene med seg, og mot til å gje denne bransjen eit par rettelege oppvekkjarar.

La varselklokkene ringje

Og så heilt til slutt et par spørsmål om dei samfunnsmessige ringverknadane på åtferda til denne bransjen.

Når Sandnes kommune måtte få organisasjon Motvind med for å drive blokkade av industriområdet, for med det å tvinge eit direktorat (NVE) til å ville snakke med seg. Då opptrer NVE som kraftselskapa sine allierte. Men det er ikkje deira mandat.

Direktorat skulle passe på våre felles interesser, trudde eg. Og når NVE er blitt så "rund-lobba" at dei mister grunnleggjande sjølvforståing, Kva seier det om kor kraftbransjen sin eigentlege agenda ligg? Skal vi ha eit land der dei med pengar og innflytelse får dure fram som dei vil? Eg veit at vi truleg langt på veg er komt hit. Men eg er ikkje klar for å gje kraftbransjen rett til å opptre som koloniherrar heilt enno.

Eg meinar at når ein bransje får drive villeiande sal som øydelegg store naturområde og dyreliv i heile landet, truar økonomien til privatpersonar og kommunar, bryt norske lover, tek uformelle pratar med offentlege leiarar utan et dette havnar i formelle arkiv, inngår hemmelege avtaler som rammar levekåret til folk i heile bygder osv. - er slik opptreden ein direkte trussel mot eit heilt land sitt styresett, mot demokratiet og verdiar vi har om å vere eit velferdssamfunn som tek vare på alle.

Viss eg har rett, må vi vekkje kongen og la varselklokkene ringe så pass at det vert pinleg for både Storting og regjering. Vi kan ikkje la «lobbytomeringa» av leiarane i nasjonen få fortsett. Lobbyverksemd gjer statlege organ passive og sløve for folket sine varslingar.

Og signe deg for å ha lest heilt hit.
Du er meir vaken enn du trur.

Kan nokon som meinar seg visare forklare ein bekymra grunneigar-spire om eg tek feil i resonnementet mitt, og evt vise meg til lover og kjelder som syner at risikobildet og senarioet ikkje er som eg trur? Det hadde vore fint.

Til toppen