BUSTADPRESS: Fleire kommunar i Sogn, som her i Sogndal, vurderer grep for å auke tilflyttinga. Leasing for bustader er ei av dei føreslegne løysingane.
BUSTADPRESS: Fleire kommunar i Sogn, som her i Sogndal, vurderer grep for å auke tilflyttinga. Leasing for bustader er ei av dei føreslegne løysingane.

Har du dårleg råd kan du snart leige huset før du kjøper det

Dei fleste har høyrt om leasing for bil. No vurderer kommunane i Sogn det same konseptet for bustader.

Sogndal: Sogn regionråd jobbar no med å lage ein bustadstrategi for Sogn. Målet er å finne grep som gjer at folk flyttar hit og helst blir verande.

Konseptet «Frå leige til eige» er eitt av grepa kommunane vurderer å teste. Det går ut på at du inngår ein leigekontrakt med kommunen, samstundes som du får rett til å kjøpe bustaden etter fem år.

– Det er eitt av dei verkemidla ein kommune kan ta i bruk for å gjere det lettare for folk å komme inn på bustadmarknaden, seier politikar Steinar Øydvin (SV).

Les også: – Viktig å eige sin eigen bustad
Les også: Bustadprisane i Sogndal er historisk høge

Ikkje ei ordning for alle

I ei slik ordning blir husleiga rekna som potensielle avdrag og kjøpssummen er verdien som gjaldt då leigekontrakten vart inngått. Det vil seie at leigetakaren blir sittande att med prisauken når kjøpet blir gjort.

Enno har ikkje politikarane diskutert nøyaktig kven som skal kunne få tilbodet om «husleasing». Men i utgangspunktet er det dei som slit mest, som skal stille først i køen.

– Eg har ikkje tru på at dette er ei ordning som vil gjelde mange. Men ein kommune har plikt til å ta vare på dei svake gruppene og eg trur ikkje marknaden er i stand til å løyse alle slike utfordringar sjølv,  seier Øydvin.

Kan ta tid

Sjølv om han har tru på konseptet, understrekar han at det nok ikkje blir sett ut i livet heilt med det første. I allefall ikkje i Sogndal.

–  Problemet er økonomien til kommunen, det er det som er bøygen. Og det er spesielt vanskeleg no med tanke på dei store investeringane kommunen har hatt på helse- og omsorgssida, seier Øydvin.

Til toppen