TRENG HJELP: Sauebøndene i Lærdal, Aurland og Årdal samarbeidar om å skapa merkevara Sognalam. Håvard Øyrehagen leiar prosjektet.
TRENG HJELP: Sauebøndene i Lærdal, Aurland og Årdal samarbeidar om å skapa merkevara Sognalam. Håvard Øyrehagen leiar prosjektet. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Har du ei god lammeoppskrift? Då vil han høyre frå deg

Bønder i Sogn vil skapa ei merkevare for sauekjøtet dei produserer, og håper du vil hjelpa dei med å finna gode oppskrifter.

Sogndal: – Har du ei god oppskrift kan du senda ho til oss. Alle oppskrifter er av interesse og me ynskjer å få oppskrifter på alle deler av dyret. Har du ei god historie knytt til oppskrifta vil me gjerne ha den òg, seier Håvard Øyrehagen, sauebonde i Øvstedalen i Sogndal, i ei pressemelding.

Han leier prosjekt Sognalam, eit samarbeid mellom sauenæringa i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Målet er å skapa ei merkevare av lammekjøtet dei produserer frå desse tre kommunane.

Difor oppmodar dei no om ein dugnad frå folk som kjenner gode lokale oppskrifter på sau og lam frå desse kommunane. 

– Tanken er at oppskriftene skal kunna trykkast på etiketten på produkta. Slik at når forbrukar plukkar opp produktet, står oppskrifta på korleis ein tilbereder det aktuelle produktet, seier Øyrehagen.

Til toppen