INDRE OG YTRE: Tre av sakene er frå Indre Sogn og ei av dei er frå Ytre Sogn. 
INDRE OG YTRE: Tre av sakene er frå Indre Sogn og ei av dei er frå Ytre Sogn.  (Foto: Arkiv)

Har du fått med deg desse gladsakene?

Ny rektorjobb, endeleg tunnellnapp i Årdal, ei verksemd som går så det dundrar og Hege som fann lukka i Sogn.

Sogn: Porten.no har samla dei mest leste gladsakene frå den siste veka, slik at du kan vera heilt sikker på at du er oppdatert på dei siste positive nyheitene frå regionen. Tre av sakene er frå Indre Sogn og ei av dei er frå Ytre Sogn. 

Han har hatt jobben på lån, no blir tilsettinga permanent

Frode Bøthun har jobba på Sygna vidaregåande skule i snart 20 år, for det meste som inspektør og det siste året som konstituert rektor. No tek han over stafettpinnen som ny rektor ved den vidaregåande skulen. 

– Eg gler meg veldig til å halda fram i stillinga på fast basis. Sygna er ei totalpakke, både ein vanleg vidaregåande skule, samstundes som me gir elevane eit tilbod på ettermiddagane som er heilt unikt, seier Bøthun.

– I tillegg har me eit positivt og ressursrikt personale, som gjer det veldig enkelt å vera rektor i kvardagen, legg han til.

Les saka her

Steffen starta firma for å sysselsetje seg sjølv i ei lita grend

Steffen Hielscher trong fast arbeid då han flytta frå Tyskland til Ikjefjord på Høyanger sørside i 2014.

Etter to år i eit vikariat som tok slutt, oppretta tyskaren verksemda Mufli Ikjefjord i 2016. Det førte til eige firma og etterkvart meir enn full jobb. No jobbar Hielscher som «alt mogleg-mann» og tilbyr blant anna muring, flislegging, legging av brustein og takstein og måling av hus.

Han har no så mange oppdrag at han av og til tenkjer på om han må tilsetja nokon. 

– Det er ikkje bra å måtte seia nei til oppdrag fordi eg ikkje har kapasitet. Men planen er eigentleg ikkje å bli større. Eg ønskjer å halda drifta oppe på dagens nivå. Slik det er no, klarer eg å ta all jobben sjølv, seier Hielscher. 

Les saka her.

Rogalendingane fekk endeleg tunnelnapp i Årdal

Seimsdalstunnelen i Årdal kommune skal oppgraderast, og Vestland fylkeskommune har valt entreprenør Bertelsen & Garpestad til å utføra arbeidet. Rogalandsfirmaet hadde det lågaste tilbodet på rundt 205 millionar kroner.

To gongar tidlegare har Bertelsen & Garpestad blitt avvist frå tunneloppdrag i Årdal, sjølv om dei då óg var billegast. Heldigvis var alle gode ting tre for entreprenøren.

Les saka her

Hege frå Nordmøre fann lukka i Sogn

Etter fleire år som sommarvikar på omsorgssenteret i Gaupne, flytta Hege Hagen til bygda for å bu der fast. 

Ho kom flyttande for fire år sidan, og sidan har det gått slag i slag. I 2017 blei ho saman med Lars Berge frå Skjolden, i 2018 kom vetle Johannes til verda, og i mars 2019 stod eit heilt nytt hus innflyttningsklart i byggefeltet på Skjolden.

Hege er glad for at ho enda opp i den vesle bygda i enden av Sognefjorden.

– Skjolden er så fint og roleg, eg elskar denne bygda. Me har familie kring oss, gode vener, og så er det flotte folk som bur her. 

Les saka her.

Til toppen