SOGN: Me begynne med laurdagskvelden. Ein kveld sogningar flest kanskje ikkje har noko imot å leve om att?
I alle fall om du såg på Stjernekamp.
Sjølvaste Kurt Nielsen drog den utflytta sogningen opp som ein personleg favoritt frå sendinga. Les saka her.
Odd Einar (48) med vidare. Fekk terningkast fem

Før sendinga var Nordheim sjølv så rørt at han måtte ta seg ei pause. Neste veke er det klart for opera. Det gjer kona Frid Brune Nordheim litt ekstra spent. Les kvifor her.
Kona til Odd Einar lovar show på Stjernekamp

Men det er ikkje berre i kulturen det er gode tider.
Gjengen på Indre SognBil kan feira med kake, medan konkurrentane slit.
– Akkurat no er me det største bilmerket i Sogn. Så me kan ikkje klaga, eigentleg, sa dagleg leiar, Alf Roger Lereng.
Elbilane får ein stor del av skulda. Les meir her.
Medan konkurrentane slit, kan denne gjengen feira med kake

Kan det bli ny hurtigbåt-rute til Årdal?
– Det er eit spennande innspel, og me vil ta ein runde på det når me får det på bordet, seier Jannicke Clarke, leiar i hovudutvalet for samferdsel og mobiliet i Vestland.
Men det kan hende økonomien set ein aldri så liten brems på prosjektet. Les kvifor her.
Fylkeskommunen om hurtigbåt til Årdal: – Spennande
