STILL KLOKKA: Går du i surr i kva veg du skal stille klokka, er det greit å vite at ho alltid skal skruast mot sommaren. Dermed må ho stillast ein time tilbake om hausten og éin time fram om våren.
STILL KLOKKA: Går du i surr i kva veg du skal stille klokka, er det greit å vite at ho alltid skal skruast mot sommaren. Dermed må ho stillast ein time tilbake om hausten og éin time fram om våren. (Bilde: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK)

Har du hugsa å stilla klokka?

Sommaren var definitivt over då me natt til søndag stilte klokka ein time tilbake. Men finnane protesterer. 

NPK: Natt til søndag 29. oktober var det igjen slutt på sommartida. Klokka 03.00 vart klokka stilt tilbake èin time. No skal me følgja normal klokketid fram til siste helga i mars neste år.

Alle landa i Europa vekslar no mellom sommartid og vintertid, unntatt Island.

Det var Tyskland som i 1916 var dei første til å innføra sommartid. Målet var å spara energi ved at folk fekk éin time meir dagslys om kvelden sommarstid. Storbritannia følgde etter, medan me nordmenn ikkje byrja med dette fast før i 1980.

Finland innførte sommartid i 1981, men no er det blitt stor motstand i landet. Finske medlemmer av Europaparlamentet vil ha slutt på at ein skal stilla klokka to gonger i året, skriv Aftenposten. Dei meiner kvart EU-land sjølv bør bestemma om dei skal ha sommartid eller ikkje.

Ifølgje det finske nyheitsbyrået FNB føreslår dei finske europaparlamentarikarane å endra EU-direktivet som går ut på at alle EU-land skal gå over til sommartid på same dag. I finnane sitt naboland Russland blei dei lei av å stilla klokka i 2011.

Til toppen