USTABILE TILHØVE: Sjølv om det har vorte noko mildare dei par siste dagane er det framleis vekslande tilhøve med snødekke over alle fjellovergangane austover. Her frå vegkamera ved Tyinosen på fv. 53 Årdal-Tyin måndag klokka 1030. Foto: Statens Vegvesen 
USTABILE TILHØVE: Sjølv om det har vorte noko mildare dei par siste dagane er det framleis vekslande tilhøve med snødekke over alle fjellovergangane austover. Her frå vegkamera ved Tyinosen på fv. 53 Årdal-Tyin måndag klokka 1030. Foto: Statens Vegvesen 

Har du ikkje lagt om enno?

Då er det på tide å gjera det, i alle fall om du skal over fjellet.

Indre Sogn: – Politiet bøtelegg ikkje nokon som legg om til piggdekk no, i alle fall ikkje så lenge dei skal i retning fjellet, seier autorisert trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

På alle fjellovergangar i Indre Sogn er det i følgje trafikkmeldingane på Statens Vegvesen sine sider vekslande snødekke eller bart og vekslande snødekke måndag morgon. Det gjeld både rv. 52 Hemsedalsfjellet, E16 Filefjell, fv. 53 Årdal-Tyin og fv. 50 Hol-Aurland. Fv. 243 Aurlandsfjellet har vore stengt i nesten ei veke grunna vanskelege køyretilhøve.

Les også: Sjå, her er det kvitt

Har vore glatt også i låglandet

Sjølv om første datoen for å leggja om til piggdekk er 1.november, er det likevel ikkje slik at du må skifta tilbake til sommardekk nokre veker om du skal ein tur over fjellet no i oktober.

Artikkelen held fram under biletet

LAGT SEG: Søndag kveld la snøen seg i vegbana på E16 over Filefjell.
LAGT SEG: Søndag kveld la snøen seg i vegbana på E16 over Filefjell.

– Det er ikkje anbefalt å skifta tilbake sjølv om ein legg om til piggdekk før 1.november. Det har vore ustabile køyretilhøve eit par veker allereie med nattefrost og glatte vegar på morgonen også i låglandet.

På Lærdalsøyri har det til dømes stort sett vore glatt kvar morgon så langt i oktober.  Nedberge Hille seier også at det er når folk skal leggja om frå vinterdekk til sommardekk at det blir synda.

– Då er det ein del som ventar vel lenge og køyrer med pigg utan at det er behov for det. Men igjen; det kjem jo heilt an på kvar ein skal køyra. Det kan vera skyggeparti og nattefrost til langt utpå våren i visse parti, det finst det mange eksempel på.

Vêrmeldingane tyder på noko mildare haustvêr den komande veka med mellom 3-4 og rundt 10 grader i låglandet, men framleis kuldegrader i fjellet.

Til toppen