SAKNAR BORD: Lærdalsøyri skule i Lærdal etterlyser eksamensbord som dei har lånt ut, men ikkje fått tilbake.
SAKNAR BORD: Lærdalsøyri skule i Lærdal etterlyser eksamensbord som dei har lånt ut, men ikkje fått tilbake. (Foto: Ole Ramshus Sælthun / Arkiv)

Har du lånt bord? No ønskjer denne skulen dei attende

Lærdalsøyri skule etterlyser tre-fire skulepultar som har vorte utlånt til private arrangement i bygda.

Lærdal: Då skulen nyleg hadde oppteljing av pultane sine, oppdaga dei at det mangla mellom tre og fire pultar.

Dei sokalla «eksamensborda» skal snart i aksjon no som nettopp eksamenstida nærar seg. 

Rektor ved Lærdalsøyri skule, Solveig Grøthe, fortel at skulen ofte låner ut utstyr til private arrangement som konfirmasjonar og selskap, noko dei framleis er positive til å halde fram med. Men pultane må skulen få tilbake innan eksamenstida startar.

– Når folk låner er det viktig å levera tilbake. Me ønskjer å vera fleksible med utlån av ting, men då må me få dei tilbake. Difor ønskjer me å senda ut ei påminning, seier Grøthe med eit smil. 

Alternative løysingar

Elevane ved skulen får vite kva eksamen dei skal opp i førstkomande tysdag, så eksamenstida er snart i gong. 

Grøthe seier at skulen alltid skal klare å ha reservepultar til eksamen, men at dei helst ser at pultane kjem til rette før. Pultane er nemleg tilrettelagt for eksamen då dei er litt større enn vanlege pultar. 

– Dei er fine, store, bord med god plass til datamaskin, seier Grøthe. 

Har du lånt bord av skulen? Då kan du ta kontakt med Lærdal kommune eller Lærdalsøyri skule for å levera tilbake. 

Til toppen