Sogn: Vakthavande meteorolog, Per Egil Haga, fortel at vêret vil vera påverka av lågtrykk over dei britiske øyar og eit høgtrykk over Russland, den komande veka. Det fører til ein sør-austleg vêrtype gjennom heile den komande veka.

Har du snø utanfor døra er sjansane store for at du får ei kvit jul
I delar av Indre Sogn ligg snøen heilt ned til fjorden, og der blir han til jul om det ikkje kjem eit vêrskifte.