SKILTMIDLAR: Årdal har fått 100.000 kroner som skal nyttast til å skilte sentrumsnære trimpostar endå betre. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKILTMIDLAR: Årdal har fått 100.000 kroner som skal nyttast til å skilte sentrumsnære trimpostar endå betre. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Har fått 100.000 til å skilte turstiar i Årdal​

Årdal har fått 100 000 kroner i såkalla infrastrukturmidlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Årdal: No er det starta ein prosess med turlaget og andre aktørar der ein ser på korleis ein kan skilte turstiane i områda rundt bygdene endå betre.

– Me har jo 40 skilt liggjande allereie som me ikkje har fått ut, så pengane vil nok bli nytta til både det og å få lagd nye, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. 

Samstundes som at skilta vert sett opp, skal også nye ruter dokumenterast og leggjast ut på nettstader som Ut.no for å gjere stiane endå meir tilgjengelege.

Sentrumsnære trimpostar

Både i Øvre Årdal og på Årdalstangen har naturglade menneske den fordelen at dei under ein halvtime etter at dei har gått ut av inngangsdøra si, så er ein oppkomen på ein topp. 

– Me kjem til å leggja vekt på ein del turalternativ frå sentrum, der folk med utgangspunkt i torget kan ta seg ein tur ut i naturen. Me har mange attraksjonar i nærleiken, som til dømes Moakamben og Gruvene for å nemne nokon. Dette kan vera ein sjanse for å få folk til å stoppe opp, bli kjende med Årdal, bruke meir tid her og kanskje koma att, seier Laberg.

Meir tilgjengeleg

Kristin Hestetun i Årdal Turlag er glad for at dei no har fått midlar, og også ho meiner dei næraste trimpostane kan skiltast betre.

– Det er innspel som me vil koma med i denne prosessen. Mange av desse trimpostane har god sti og er lett tilgjengelege, men merking frå sentrale plassar kan bli betre slik at dei blir meir tilgjengeleg for dei som ikkje er like godt kjende i Årdal. 

Det vert også sett ein del krav til skilta, som kor tung ruta er, kor lang tid ho tar og kor lang ho.

– Å formidle vanskegrad er viktig, seier Hestetun.

Til toppen