PLANAR: Firda Seafood Group på Byrknesøy har planar om eit settefiskanlegg, men er uroa over vilkåra for næringa framover.
PLANAR: Firda Seafood Group på Byrknesøy har planar om eit settefiskanlegg, men er uroa over vilkåra for næringa framover. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Har fått løyve til å nytte vatn til settefiskanlegg, men endra vilkår gjer realisering usikkert

Firda Seafood Group AS har fått løyve frå NVE til å nytte vatn til eit nytt settefiskanlegg som er planlagd i Mjåsundet. Verksemda er likevel usikker på om prosjektet kan realiserast etter å ha blitt pålagt å ta ned produksjonen.

Byrknesøy: Oppdrettsverksemda fekk torsdag løyve frå NVE til føre over og ta ut vatn frå Mjømnevatnet og Randalsvatnet til eit planlagt settefiskanlegg på land for produksjon av smolt og postsmolt, skriv prosjekt- og kvalitetssjef i Firda Seafood Group, Lina Braanaas Utne, på vegner av selskapet i ei pressemelding. 

Settefiskanlegget kan gje 20–25 nye arbeidsplassar i Gulen dersom det vert realisert. Det er planlagt som eit såkalla RAS-anlegg – resirkuleringsanlegg for akvakultur. 

– Dette er ein viktig milepæl i eit arbeid som vart byrja på i 2016, seier Utne i pressemeldinga. 

Skår i gleda

Verksemda er nøgde med å ha motteke konsesjon etter mange år med planlegging og arbeid med søknader, men presiserer at det er eit skår i gleda at oppdrettsnæringa i regionen har fått raudt lys av regjeringa. Noko som betyr at produksjonsbiomassen i sjø må ned med 6 prosent. 

– Vi har all produksjon i sjø og vert slik hardt råka av dette, seier Utne. 

Ho legg til at det framleis ikkje er avklart om det vert innført 40 prosent grunnrenteskatt også legg ein dempar på gleda. 

Må vurdere investeringa

Settefiskanlegget vil ha ei kostnadsramme på kring 500 millionar kroner. Uføreseielgheita i rammevilkåra gjer at selskapet no må vurdere om det er noko som kan realiserast. 

Selskapet må uansett først søkje fylkeskommunen om løyve til å etablere eit landbasert anlegg. Først når dette løyvet er på plass, kan dei ta stilling til om og når det vert bygging. 

– Vi reknar med at handsaminga av søknaden vil ta kring eitt år, seier Utne. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen