Illustrasjonsfoto Vatnahalsen hotell
Illustrasjonsfoto Vatnahalsen hotell (Foto: Arkiv)

Har fått svar på obduksjonsrapporten etter dødsulukke på Rallarvegen

Men politiet veit framleis ikkje årsaka til ulukka.

Aurland: Laurdag 31. august fall ein mannleg syklist utfor ein fjellskrent på Rallarvegen i Aurland. Mannen omkom etter ulukka

Regionlensmann Inger Lill Lanes opplyste til Porten.no den gongen, at det ikkje var tydelege skader på sykkelen, og at det ikkje var noko som peika på at det hadde skjedd noko straffbart. Mannen vart sendt til obduksjon. 

Onsdag melder Firda at politiet har fått ein førebels obduksjonsrapport. Den seier at mannen døydde av skadene han pådrog seg i fallet, og at livet ikkje stod til å redda. 

– Me veit enno ikkje kva som er årsaka til at ulukka skjedde, sa tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen til avisa.

Fleire prøvar

Mannen var del av eit stort sykkelfølgje på omlag 70 personar, som sykla den populære vegen mellom Myrdal og Flåm, då ulukka skjedde. Han hamna utfor vegen, og blei funnen mellom 10-15 meter lengre ned i ei skråning. 

Ifølgje Firda ventar politiet på prøvesvar som mellom anna kan seie noko om mannen var sjuk då hendinga skjedde. Det kan ta fleire månader før politiet får svar på desse prøvene.

Til toppen