LIVREDDANDE: Anne Rachel Øren frå ambulansen syner korleis ein gir fyrstehjelp om personen ikkje pustar: Foto: Camilla Skjær Brugrand.
LIVREDDANDE: Anne Rachel Øren frå ambulansen syner korleis ein gir fyrstehjelp om personen ikkje pustar: Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Har fått to hjartestartarar

– Me håpar at me aldri får brukt for dei, men om noko skulle skje, så er dei gode å ha, seier Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa.

Årdal: Allidretten og fotballgruppa i Jotun har fått sponsa to hjartestartarar som skal vera tilgjengelege for alle i kommunen.

– I Årdalshallen har det berre vore ein hjartestarar tidlegare og den er innelåst i billettluka til symjinga. No vil det vera ein tilgjengeleg på kunstgrasbana og den andre hjartestararen blir plassert inne i sekretariatet i idrettshallen, seier Anne Gunn Vigdal, leiar for allidretten

Apparata skal vere tilgjengelege for alle.

Sponsa med 45.000 kroner

Summen for dei to hjartestartarane og kurs i korleis ein brukar det vart sponsa av dei tre lokale bankane i fylket.

Sparebank 1 sponsa heile summen for hjartestartaren til fotballgruppa og overrekte onsdag ein sjekk på 25.000 kroner.

SPONSA: Laila Hansen frå Indre Sogn Sparebank og Laila Ruud frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane delte ut ein sjekk på 10.000 kroner kvar til Anne Gunn Vigdal, leiar i allidretten i Jotun.
SPONSA: Laila Hansen frå Indre Sogn Sparebank og Laila Ruud frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane delte ut ein sjekk på 10.000 kroner kvar til Anne Gunn Vigdal, leiar i allidretten i Jotun.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og hovudsponsor Indre Sogn Sparebank skreiv begge ut ein sjekk på 10.000 kroner kvar for ein hjartestartar til allidretten.

– Hjarta vårt banka for idretten og idrettsmiljøet seier Laila Hansen i Indre Sogn Sparebank.

– Skal ikkje angra

På onsdag arrangerte Kristijan Arnason og Anne Rachel Øren kurs for representantar frå dei ulike særgruppene og trenarane.

– Andre lokale som har nytte av dette kurset er også med slik at me får fylt det opp. Det har vore ein del bles om akkurat dette med viktigheita med hjartestararar i idrettsmiljøa og her i Årdal har me svært mange aktive unge, seier Vigdal.

KURS: Trenarar og representantar frå idrettslaga i Jotun får opplæring av Kristijan Arnason i korleis ein reddar liv.
KURS: Trenarar og representantar frå idrettslaga i Jotun får opplæring av Kristijan Arnason i korleis ein reddar liv.

Arnason og Øren jobbar begge i ambulansen, men held kurs for bedrifter og idrettslag på fritida. Dei fortel at det er spesielt etter store idrettsarrangement der utøvarar svimer av og får hjartestans at dei får førespurdnadar om kurs.

– Me høyrer om tragiske ting som skjer i media som. Me skal ikkje angra på ting som me ikkje gjer, seier Vigdal.

Ung alder

Henrik Rønningen forklarar at det har skjedd mykje rundt i fotball-Noreg den siste tida som har sett fokus på nettopp dette med hjartestartarar.

– Det kan skje dei i svært ung alder. Derfor valte me å ha dette prosjektet og skaffa sponsorar, seier han.

Jotun idrettslag har ikkje hatt behov for å nytta seg av hjartestartarar tidlegare, men i fjor sommar var det eit tilfelle utanfor klubben der det stod om liv og død.

TAKKSAM: Leiar for fotballgruppa i Jotun, Henrik Rønningen, fekk ein sjekk på 25.000 kroner av Aina Heggø i Sparebank 1.
TAKKSAM: Leiar for fotballgruppa i Jotun, Henrik Rønningen, fekk ein sjekk på 25.000 kroner av Aina Heggø i Sparebank 1.

– Det var ein person datt om og me fekk ikkje tak i ein hjartestartar. Personen haldt på å stryka med og me var ein gjeng som klarde å halda han i livet i ein halvtime før ambulansen kom og kopla inn ein hjertestartar. I dag går det fint med denne mannen, seier Rønningen.

Til hjelp for alle

Rønningen fortel at om dei hadde hatt tilgang på hjartestartar i fjor sommar, så hadde det berre vore å knust eit glas på kunstgrasbana og set i gang med livreddande hjelp.

– Då hadde me kome fortare i gong, seier han.

REDDA LIV: Mange hadde møtt opp for å læra om korleis ein reddar liv ved hjelp av ein hjartestartar.
REDDA LIV: Mange hadde møtt opp for å læra om korleis ein reddar liv ved hjelp av ein hjartestartar.

Alle skal veta om at det no finst to hjartestartarar på anlegget og at dei kan brukast av alle.

– I dag er det 13 frå fotballgruppa som har møtt opp for å læra korleis ein skal bruka apparatet. 17 hadde kurset frå før av og har fått dette gjennom bedrifter og arbeid. Me håpar me aldri får bruk for apparata, men det er godt å ha om noko skulle skje.

Til toppen