I DAG: Her står kontrollstasjonen i dag, men Lærdal kommune vil ha inn publikumsretta verksemder i dette området, og arealet for stasjonen er i minste laget. Arkivfoto
I DAG: Her står kontrollstasjonen i dag, men Lærdal kommune vil ha inn publikumsretta verksemder i dette området, og arealet for stasjonen er i minste laget. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

– Har felles interesse av å flytta kontrollstasjonen

Det vil kosta mellom 20 og 30 millionar kroner i følgje Jan Geir Solheim, men må til, meiner lærdalsordførar: – Både Lærdal kommune og Statens Vegvesen meiner kontrollstasjonen bør flyttast, seier han.

Lærdal: – Den viktigaste grunnen er tryggleik. I området rundt blir det no etter kvart så mykje aktivitet og folk som ferdast at dette ikkje er foreinleg med ein kontrollstasjon der store trailarar står. Det handlar om tryggleikssoner og avstand. Dessutan er det ikkje plass å bygga ut stasjonen vidare – det er knapt med plass no. Og vogntoga blir større, seier Solheim.

Lærdal kommune jobbar med å få i hamn ein reguleringsplan for Håbakken. Reguleringsplanen omfattar to områder, Håbakken 1 og 2, der kontrollstasjonen står på 1. 

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

Meiner Staten bør bidra med midlar til flytting

På dette området vil kommunen få inn publikumsretta næring, typisk handelsverksemder.

FELLES INTERESSE: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim seier det både vil gagna kommunen og Vegvesenet å flytta stasjonen. Arkivfoto
FELLES INTERESSE: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim seier det både vil gagna kommunen og Vegvesenet å flytta stasjonen. Arkivfoto

– Det er laga ein moglegheitsstudie på dette, og slik aktivitet er uforeinleg med at kontrollstasjonen ligg der den ligg i dag. Kommunestyret er einige om at Håbakken skal satsast på i Lærdal. Eit slikt vedtak har også Omstillingsstyret gjort, der Staten er representert ved Fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

– Det må kosta ein del å flytta ein kontrollstasjon?

– Flytting står ikkje i noko budsjett, og eg veit det vil kosta mellom 20 og 30 millionar kroner. Så er den tomta stasjonen står på i dag verdt pengar, det same er massene. Bygget kan også vera verdt ein del.

– Kven skal betala?

– Kommunen kan vera med, det er eg for – fordi dette er så viktig for utviklinga på Håbakken. Men me ventar at Staten er med på det også. I si tid, då Vegvesenet flytta opp i Håbakken frå Grandane, gav kommunen denne tomta på Håbakken og kjøpte Veg- og trafikkstasjonen der nede. Me har vore veldig greie før, og håpar å få litt tilbake.

Kan bli flytta til området mellom rundkøyringa og tunnelmunningen

Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør Trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens Vegvesen region Vest, påpeikar på si side det ikkje er berre-berre å flytta en kontrollstasjonen.

– Å ta vekk ein flott og svært velfungerande kontrollstasjon som Håbakken vil bli lagt merke til både hjå oss og i lokalsamfunnet.

– Er Vegvesenet viljuge til å ta kostnader ved flytting?

– Me har hatt eit møte i denne saka, og her har det ikkje vore kostnadsdiskusjonar enno. Eventuell flytting er på skisseplan og ein diskuterer om dette er mogleg å få til. 

Ein ting som likevel er diskutert, er eventuell ny plassering for kontrollstasjonen – området nord for vegstykkjet mellom rundkøyringa og munningen på Lærdalstunnelen.

– Då me hadde møtet med kommunen så var det dette området som vart peika på. Kontrollstasjon på Håbakken har ein gitt klassifisering, som set krav til bygningsfasilitetar, tilkomst og krav til oppstillingsareal. Så det må tilretteleggjast for dette, skal det være aktuelt å byta lokasjon.

Artikkelen held fram under biletet

HIT: Dette er området kontrollstasjonen truleg blir flytta til, dersom den blir flytta.
HIT: Dette er området kontrollstasjonen truleg blir flytta til, dersom den blir flytta.

Vil vidareutvikla kontrollstasjonen

BALLEN HJÅ KOMMUNEN: Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør Trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens Vegvesen region Vest.
BALLEN HJÅ KOMMUNEN: Arve Tjønn Rinde, avdelingsdirektør Trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens Vegvesen region Vest.

Også Rinde påpeikar at arealet for stasjonen i dag er i minste laget, og at det såleis bør større areal til om stasjonen skal flyttast. Uansett er dette ein viktig diskusjon å ta dersom kommunen ynskjer å gå vidare med saka. 

– God løysing for inn- og utkøyring er også ein viktig faktor for oss. Håbakken er i dag ein svært viktig kontrollstasjon for oss og me har eit svært godt og kompetent fagmiljø på stasjonen.

– Planen er å gjera nye investeringer rundt Håbakken og installera ny teknologi ved stasjonen og vidareutvikla kontrollverksemda av store køyretøy. Framlegget til Lærdal kommune om ein flytteprosess gjer at me avventar vidare invisteringar i området.

Rinde seier ballen ligg no hjå Lærdal kommune.

– Me ventar på innspel frå dei, og håper å vi klarer å finna gode løysingar.

Når det gjeld reguleringsplanen for Håbakken vart det i siste formannskapsmøte før jul nemnd at første kommunestyremøte i år truleg vil vera tidspunktet den skal opp til vedtak, eventuelt at planen for Håbakken 2 blir handsama først ettersom det hastar mest med denne, og Håbakken 1 i neste omgang.

Les også: I tidsnaud med Håbakken

Første kommunestyremøte i år er 9. februar, men Solheim kunne ikkje stadfesta overfor Porten.no at deler av eller heile planen kjem opp til vedtak her.

 

Til toppen