VIKTIG JOBB: Alle kommunar i Noreg er pålagt å ha tre kontrollar i året på sal og servering av alkohol. Ronny Rinde og familiebedrifta Trygg 24 har danka ut dei store konkurrentane i fleire kommunar i Sogn og Fjordane og på Austlandet. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
VIKTIG JOBB: Alle kommunar i Noreg er pålagt å ha tre kontrollar i året på sal og servering av alkohol. Ronny Rinde og familiebedrifta Trygg 24 har danka ut dei store konkurrentane i fleire kommunar i Sogn og Fjordane og på Austlandet. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Har femdobla overskotet på eitt år

Familiebedrifta Trygg 24 er no inne i sitt tredje driftsår og opplever ein enorm suksess i sin bransje som kontrollørar innan sal og skjenking av alkohol. 

Årdal: Det heile byrja som eit enkeltpersonsføretak basert på erfaringar frå eit tidlegare firma i same bransje.

At Vibeke og Ronny Rinde til dagleg jobbar som lærarar på Årdal vidaregåande skule og Tangen skule, har ikkje vore til noko hinder.

– Me vil ikkje gje opp lærarjobben som me er så glade i, seier Ronny medan Vibeke seier seg einig.

Massiv auke

Etter ei tilråding frå rekneskapsføraren deira vart Trygg 24 omgjort til aksjeselskap den 1. juli 2015.

Kva er grunnen til at de gjekk over til selskapsforma AS?

– Då det synte seg at me femdobla overskotet vårt på eitt år, var det på tide å gjere nokre grep. Sidan me har lærarjobben i tillegg, vert det fort mykje å betale i skatt. I eit aksjeselskap er dette separert frå privatøkonomien, og gjev oss betre vilkår slik firmaet er i dag, fortel Ronny.

Familie

Kvar gong han og Vibeke nyttar begrepet ”oss” når dei omtalar firmaet, får ein kjensla av at denne arbeidsplassen er som ein liten familie.

Og det er ikkje utan grunn, sidan Ronny, Vibeke, deira eldste dotter samt søstera til Ronny er involvert i Trygg 24.

Med hovudbase i Årdal, og ein ekstra base i Hønefoss der søstera Maria Rinde organiserer den aukande aktiviteten på Austlandet, er dette å rekne som ei ekte familiebedrift.

Ser mot aust

Sidan Trygg 24 og har base i Hønefoss, sender dei ut mange anbod til kommunar på Austlandet. Hjå ei rekkje kommunar har Rindefamilien og Trygg 24 fått anbodet framfor dei store, landsdekkjande kontrollørbedriftene som Securitas og Nokas.

Ein av dei store avtalane dei har drege i hamn den siste tida, er Oslo Lufthavn på Gardermoen. Her har Trygg 24 totalansvar for skjenkestadane på heile flyplassen, i tillegg til taxfree-butikkane.

– Hønefoss, Fredrikstad, Hvaler og seks kommunar i Romerike har vorte våre kundar den siste tida, fortel suksessgründerane frå Årdal. I tillegg til alle skjenkestadar i kommunane har dei og kontrollansvar i alle butikkar som sel alkohol.

Fylkesavtale

Det fyrste Trygg 24 gjorde då dei starta opp, var å sikte seg mot kommunane i Sogn og Fjordane. Det tok ikkje lang tid før firmaet kunne smykke seg med ein avtale med 18 av 26 kommunar i fylket.

– Det heile byrja med ein kontrakt for Aurland kommune, seier Vibeke.

Kvalitet

Alle kontrollørane har deltidsstillingar i Trygg 24. – Me vil heller ha mange deltidstilsette, enn fem-seks tilsette i 100%-stillingar som får ansvaret for alle kontraktane våre, seier Ronny.

Han forklarar det med at ved å nytte deltidsstillingar får dei god variasjon på kontrollørane og har mogelegheit til å halde fram med anonymiteten ute på oppdrag. Han legg også til at dette har med geografien og gjere og eit ynskje om at Trygg 24 skal driva med dialogbasert samarbeid.

– Dette er eit av punkta me har scora på når det kjem til det å vinne eit anbod, seier Ronny. Med dialog meiner dei at kundane skal kjenne nærleik til firmaet, og at kommunane kan ta kontakt med dei i situasjonar som ligg utanfor dei ordinære kontrollane. I tillegg har kontrollørane rask responstid ved akutte oppdrag, noko som gjev kommunane ein større tryggleik.

Gründerane påpeiker at dei måtte prise seg litt ned i byrjinga for få kundar.
– Men i dag betyr kvaliteten mest når me vinn anbod, seier Ronny.

Viktig arbeid

– Å vera skjenkekontrollør er jo ein viktig jobb. Om me gjer jobben vår skikkeleg, så betyr det at folk kan gå ut på ein utestad utan å treffe personar som til dømes er overstadige berusa fordi betjeninga følgjer retningslinjene til alkohollova, seier Vibeke.

Trygg 24 vert og nytta til kontrollørar på enkelte festivalar og konsertar, og her er det som regel ikkje vanskeleg å få nokon av dei tilsette til å jobba. – Det er ofte det vert litt slossing om slike type oppdrag, smiler Vibeke.

Rindefamilien har og utvida tenestene sine den siste tida, og no byrjar dei å få oppdrag innan kursverksemd, maritime oppdrag på båtar og ferjer og arbeid som tilsynsførar.
– Me har og nye, konkrete planar på gang. Det er spennande tider, fortel Ronny. 

Til toppen