BEST FANGSTVEKST: Anslag for 2015 viser at det er fiska 132.000 laksar i norske elver i år. Best fangstvekst er det i Lærdalselva.​ Foto: Jan Christian Jerving.
BEST FANGSTVEKST: Anslag for 2015 viser at det er fiska 132.000 laksar i norske elver i år. Best fangstvekst er det i Lærdalselva.​ Foto: Jan Christian Jerving.

– Har fiska over 130.000 laksar i norske elver

Anslag for 2015 viser at det er fiska 132.000 laksar i norske elver i år. Best fangstvekst er det i Lærdalselva.

  • Endret

Lærdal: Norske Lakseelver har talt opp kring halvparten av laksefangsten i år, og konkluderer med at sesongen blir kring ti prosent betre enn gjennomsnittet for dei siste ti åra, fortel Nationen.

Anslaget på 132.000 laks er gitt at utvalet på 43 elver som no er talt opp, og som står for halvparten av den norske elvefangsten, er representative for heile landet.

Les også: Oppløftande resultat etter ny undersøking av Lærdalselvi

– Årets fangst varierer frå å vere 100 prosent betre enn ein gjennomsnittssesong i Lærdalselva i Sogn og Fjordane til 36 prosent svakare enn ein gjennomsnittssesong i elva Otra i Agder, seier fagansvarleg Erik Sterud i Norske Lakseelver til avisa.

Av totalfangsten på vel 130.000, reknar Norske Lakseelver med at 25.000 laks er blitt sett ut att i elvene. Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer endeleg fangststatistikk i januar. (©NPK)

Til toppen