HAR TRUA: Sjølv om framgangen ikkje har vore like god på dei to siste møta, har både Jan Geir Solheim (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap) tru på at kommunane skal bli einige om ein intensjonsavtale til ein Sogn kommune. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HAR TRUA: Sjølv om framgangen ikkje har vore like god på dei to siste møta, har både Jan Geir Solheim (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap) tru på at kommunane skal bli einige om ein intensjonsavtale til ein Sogn kommune. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Har framleis trua på ein intensjonsavtale

Eitt møte gjenstår i forhandlingane om ein intensjonsavtale til Sogn kommune.

Årdal/Lærdal: Ordførarane i Årdal og Lærdal har tru på at det siste møtet skal føre til at ein intensjonsavtale blir lagt fram, men førebels er verken Arild Ingar Lægreid (Ap) eller Jan Geir Solheim (Sp) heilt nøgde.

– No har me prøvd å få til ei formulering rundt dette med lokalmedisinsk senter og sjukehuset i Lærdal, og det me fekk til er eg ikkje heilt nøgd med. Den må nok endrast viss eg skal akseptera det, seier Lægreid.

– Ting er ikkje tydeleg nok, og dei må bli tydelegare. Det skuldar me folk i Sogn å vere, seier Solheim.

Eit «must»

Lægreid seier det er eit «must» for Årdal at alle kommunane som er med på ein eventuell ny kommune, vil støtta opp om desse to tinga. I tillegg er Årdal vidaregåande skule eit viktig kort i forhandlingane, som årdølene ikkje vil gi frå seg.

Etter startmøtet over to dagar i Årdal var både årdølene og lærdølene nøgde og overraska over kor langt ein kom på desse dagane. Sidan då har det vore møte i Vik og Sogndal, og etter desse har det gått til trått. 

– Eg synest me kom langt og snakka godt saman på møtet i Årdal, og så har det vore litt dårlegare framdrift på dei to siste møta, men det er ikkje unaturleg i forhandlingar. For Lærdals del ønskjer me å konkretisere mest mogleg. Det er vesentleg for at folk skal vite kva det går i, held Solheim fram.

Ikkje heilhjarta

Som ordføraren i Årdal har framheva tidlegare, handlar dette også mykje om kjensler, og han gjentek at dette ikkje er ei enkel sak.

– Det er ikkje berre formuleringa, men det handlar òg om at det faktisk blir slik det står etter ei eventuell samanslåing. Det handlar om kva tryggleik me har i arbeidet me har føre oss. Eg har fått i oppdrag av kommunestyret å vera med på dette, så får me sjå kor langt me kjem med avtalen og drøfte dette, seier han.

– Betyr det at det er litt mangel på tillit mellom kommunane?

Nei, dette er noko me er pålagt av regjeringa og ikkje går heilhjarta inn i. Me har tilhøyrsle til vår kommune, som gjer at me vil sikre oss at bygda i ein eventuell ny kommune skal sitja att med mest mogleg og at ikkje alt blir sentralisert til kommunesenteret. Det er det fare for uansett kva me blir samde om. 

– Sogndal har mykje ansvar

Kommunesenteret er utan tvil Sogndal i denne samanhengen. Difor er det naturleg å tenkje at dei sit med gode kort i forhandlingane. 

– I forhandlingane må ein gi og ta. Sogndal har eit stort ansvar, men det har me òg for regionsenteret vårt. Me skal finne kva oppgåver som kan ligge der, og så må Sogndal vera rause med kommunane rundt, meiner Solheim. 

Av utkastet til intensjonsavtalen går det fram at ein skal satse på offentlege arbeidsplassar i Sogndal, Leikanger og Lærdal. Det står også at ved funksjonsdeling av ikkje-stadbundne tenester, skal ein legge vekt på å lokalisere dei kommunale tenestene til dei noverande kommunesentra som har andre offentlege arbeidsplassar som i innhald grensar opp mot ikkje-stadbundne kommunale tenester.

Det betyr helse- og omsorgstenester til Lærdal og tenester knytt til opplæring, samt tenester innan psykisk helsevern og rus til Sogndal. Administrasjonsfunksjonar skal lokaliserast til Leikanger. 

Årdal gode på IKT, økonomi og FDV

– Men kva kan leggjast i Årdal?

– Me har sagt inn i desse drøftingane at me er gode på IKT-drift og økonomi, samt drift og vedlikehald av kommunal eigedom og infrastruktur. Me har rimeleg vatn og renovasjonsutgifter og er gode på drifting av det, fortel Lægreid.

– Så me har ting me er gode på, og som me tar med oss inn i forhandlingane, der me saman skal finne ut kva dei ulike kommunane har fortrinn i. Det jobbar me med inn i neste møte. Dette skal også rådmennene sjå nærare på til det møtet. 

Til sjuande og sist blir det folket som skal ta stilling til intensjonsavtalen, og trass litt dårlegare framgang på dei to siste møta, har begge ordførarane trua på at innbyggjarane faktisk skal få ein intensjonsavtale å ta stilling til. 

Til toppen