POLITI: Omkring 14.00 melder politiet på sin Twitterkonto at ein person er tatt av snøskred i Aurland. Kart: Mapbox.
POLITI: Omkring 14.00 melder politiet på sin Twitterkonto at ein person er tatt av snøskred i Aurland. Kart: Mapbox.

Har frigitt namnet på den omkomne

Det var Benjamin Hjort (37) som søndag omkom i snøskredet i Aurland.

Aurland: Det var søndag ettermiddag politiet meldte at ein mann i 30-åra vart teken av eit snøskred på vestsida av Flenjaeggi i Aurland.

Måndag frigir politiet namnet på den omkomne i samråd med familien. Det var 37 år gamle Benjamin Hjort frå Voss som vart teken av raset. 

Luftambulanse vart sendt til staden med lege, og mannen vart frakta til Haukeland sjukehus. 

Nokre få timar seinare stadfesta politiet at personen var omkomen.

Til toppen