BRANN UT: Berre hjula er att etter bosspannet som stod ved kyrkjeveggen
BRANN UT: Berre hjula er att etter bosspannet som stod ved kyrkjeveggen (Foto: Odd Øren)

Har funne brannstiftaren i Årdal

Politiet reknar saka om containarbrannane i Årdal i romjula som oppklart.

Årdal: – Me har avhøyrt fleire personar, mellom anna ein gjerningsmann som har lagt alle korta på bordet, seier Magne Knudsen, politioverbetjent og tenestestadleiar ved Årdal lensmannskontor til Sogn Avis.

Brannen i bosdunken ved Farnes kyrkje blei oppdaga av to forbipasserande andre juledag. Beredskapen fekk sløkt brannen raskt. Utanom ein del røyk inne i kyrkja, blei det ikkje registrert materielle skader.

Nokre dagar etter, 30. desember, melde kommunalt tilsette at det var funne eit branntilløp i ein container som stod inntil Årdalshallen. Det var det ikkje mogleg å seia noko om når dette branntilløpet hadde skjedd, men politiet var raskt ute med å sjå dei to sakene i samanheng.

– Det me no har fått på det reine er at det var to branntilløp same kvelden, det første ved Årdalshallen, det andre ved kyrkja. Den første slokna av seg sjølv, seier Knudsen til Sogn Avis.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen