SA JA TIL LEGE: Formannskapet i Årdal sa ja til å gjere plass til ein ny fastlegeheimel i neste års budsjett og dermed håpar dei å få ned ventetida på fastlegetime. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SA JA TIL LEGE: Formannskapet i Årdal sa ja til å gjere plass til ein ny fastlegeheimel i neste års budsjett og dermed håpar dei å få ned ventetida på fastlegetime. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Arkiv)

Har funne plass til ny fastlege

Men Erling Offerdal (Sp) lurte på kor innsparingane som skulle vere med å samlokalisere helsetenestene vert av. 

Årdal: Tysdag sa formannskapet i Årdal ja til å gjere plass til ein ny fastlege i neste års budsjett – og det utan at helsehuset må byggjast om eller utvidast. 

Frå før av er det vedteke at Årdal skal tilsette ein kommuneoverlege, som vil ta unna ein del offentleg helsearbeid for dei andre fastlegane, og dermed frigjere tid til fastlegepraksisen.

Med ein ekstra lege i tillegg er målet å få ned ventetida, som i dag er på grensa til det forsvarlege, med to veker til tre veker. Årdal vil då ha sju fastlegar, som i snitt har ei pasientliste på 766 innbyggjarar. 

Utfordringa inntil nyleg var å finne rom for dei nye legane, men no som asylmottaket forsvinn, vert det plass til desse (sjå løysinga i faktaboks). 

Spurte etter innsparingar

Det betyr at ein slepp utgifter med ombygging eller utbygging, men Erling Offerdal lurte på kor det vart av dei 900.000 kronene kommunene skulle spare i året ved å samlokalisere helsetenestene i bygdene. 

– Meininga med å samlokalisera legekontora var at me skulle spara 900.000 kroner, men økonomisk rapport viser eit meirforbruk på dette området, sa han og fekk forklaringa frå rådmann.

– Dette skuldast sommarvikarar sidan legane må ha ferie dei også. I tillegg er det sjukemeldingar blant hjelpepersonaler, og så er ikkje dette periodisert i rekneskapen. Det var varsla at det ville vera eit oveforbruk, men det vil vere mindre enn det som framstår per i dag, forklarte han.

Endra behov i framtida

Fossedal åtvara også om at endra behov i framtida kan føra til at ombygging og utbygging må til. 

– Det vil alltid vere behov for tilpasningar i bygget. Det kan kome sentrale forskrifter som gjer noko med legane sin arbeidssituasjon, og som påverkar legevakta. Eg tar meg fridomen å varsla at dette kan ein kome tilbake til. 

Difor har administrasjonen allereie sjekka ut to alternative løysingar, der ein utvidar helsehuset med eitt eller to kontor. Prislappen på desse alternativa er på høvesvis 420.000 og 700.000 kroner. 

Nøgd med løysinga

Men førebels slepp ein det, og det er Hilmar Høl (Ap) glad for.

– Med tilpasningane rådmannen tek, som er kvalitetssikra med legane og tillitsvalde, føler eg at me er på sporet. Per i dag føler eg at me har løyst, sa han medan bordnabo Sandra Opheim (MDG) nikka.

– Det er status i dag me må ta utgangspunkt i. Det er nok rom per i dag til ein ekstra lege, og det er viktig å kommunisera ut. Skal me rekruttera ein lege, må det ikkje vera tvil om at det er plass og at dei er sikra gode arbeidsforhold, la ho til. 

Saka skal vidare til kommunestyret i neste veke. 

Til toppen