Spor:  Funn av pels ved nedste svingen på vegen opp Fardalen tyder på at Elvis kan vera på vandring i området rundt sentrum av Øvre Årdal. Privat foto
Spor: Funn av pels ved nedste svingen på vegen opp Fardalen tyder på at Elvis kan vera på vandring i området rundt sentrum av Øvre Årdal. Privat foto

Har funne spor av Elvis

Pels frå leonbergeren tyder på at han har vandra mot sentrum. No ber eigaren alle i Øvre Årdal vera spesielt merksame.

– Det er funne hundepels ved ein sti som går ut ved den heilt heilt nedste svingen på vegen opp i Fardalen. Denne stien går bak kyrkjegarden og mot sentrum og Mjøbakken, seier eigar Jane-Kristin Lindstrøm-Bolme.

Prøver truleg å finna vegen heim

Laurdag ettermiddag forsvann leonbergeren Elvis frå hundepensjonatet i Fardalen. Dei knappe to døgna som er gått har både folk og andre hundar leitt etter hannhunden som er to år gamal, stor og brunsvart. Lindstrøm-Bolme og familien bur i Utladalen, og no trur ho Elvis prøver å finna vegen heim. 

– Pelsfunnet vart gjort klokka halv sju i dag tidleg. Pelsen har ikkje vore der før. Me trur han har søkt ly av regnet i natt og byrja å gå att på morgonkvisten. Så no fokuserer me på at han prøver å finna vegen heim.

– Er de mange som leitar etter han?

– Ja, no har me tilkalla folkehjelpa også. Me ønskjer stadig fleire, alle som vil er velkomne til å vera med og leita.

Til toppen