I ALL SLAGS VÊR: Per Tomas Hunderi jobbar mykje som maskinførar, og difor tek han ein stor del av turane i mørket. Og han går sjølv om det er grisevêr – som det var då Porten.no snakka med Hunderi under eit jobboppdrag på Tønjum. Foto: Ole Ramshus Sælthun
I ALL SLAGS VÊR: Per Tomas Hunderi jobbar mykje som maskinførar, og difor tek han ein stor del av turane i mørket. Og han går sjølv om det er grisevêr – som det var då Porten.no snakka med Hunderi under eit jobboppdrag på Tønjum. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Har gått ein halv million høgdemeter over to år

Som eit viktig element i å leggja om livsstilen sette Per Tomas Hunderi i gang eit trimprosjekt utan sidestykke. 

Lærdal: – Eg gjekk tre turar nyttårsfta, på den siste brukte eg femti minuttar opp. Og eg gjekk to turar dagen før.

Turane han snakkar om er opp til Oftedalsstølen, 780 meter over havet. I 2016 gjekk han hit 333 gonger. I 2015 vart det 270 turar. 

– Eg sette målet om 333 under ein juletrefest. Då tenkte eg at tre hundre turar er mogleg å slå for andre, men når ein kjem opp på 333 byrjar det å bli utfordrande.

I mørket, på glatta, i grisevêr

Til saman er det snakk om nesten 800 meter stigning 600 gonger i løpet av to år. Noko som tilsvarar om lag 470 000 høgdemeter.

– Eg jobbar mykje, så i alle fall halvparten av turane har vore i mørket med hovudlykt. Nokre turar har det vore skikkeleg grisevêr så eg ikkje har sett nokon ting øvst, andre turar så glatt at det nærast har vore uråd å koma opp. Då er broddar godt å ha.

– Blir du ikkje lei av å gå same turen opp att og opp att?

– Eg går andre turar innimellom, mellom anna ein god runde opp Horgedalen over fjellet og ned att på Oftedalen.

Med nokre andre turar i tillegg rundar nok Hunderi ganske sikkert 500 000 – eller ein halv million – høgdemeter på turane sine over desse to åra.

Kutta røyken, snusen, colaen og gjekk mykje ned i vekt

Sjølv om det har gått litt «sport» i det, ligg det meir alvor bak prosjektet.

– Eg tenkte at eg vil no leva også, seier han.

For Hunderi har ikkje alltid vore kjernesunn. Han snusa, røykte og drakk tre liter cola om dagen.

– I 2008 drakk eg min siste slurk cola. Sidan har eg ikkje smakt det.

På same tida slutta han også å snusa og røyka. Men så vart det eit tilbakefall på røykinga i 2012.

Han gjekk mange turar på stølen denne perioden også, men det var i 2015 det verkeleg tok av.

– Då stumpa eg røyken att. Eg måtte gå for å halda røyksuget vekke. Ein annan ting med dette er at ein legg veldig fort på seg når ein sluttar å røyka. Og eg var ganske stor for ein ti års tid sidan.

No er han på ingen måter stor, og altså både røyk-, snus- og colafri.

Og sjølv om han har sagt han ikkje skal gå fullt så mykje i år, har det vorte ein del turar når me skriv midten av januar likevel.

– Ni turar på stølen så langt, seier han. 

Til toppen